Embete
Eit embete (frå keltisk språk til norrønt embætti) er ei nemning for dei høgste stillingane i statstenesta. Ein innehavar av eit embete vert kalla embetsmann eller òg embetskvinne.
I Noreg vert embetsmenn utnemnde av Kongen i statsråd. Her har embetsmenn eit særleg sterkt stillingsvern, ved at dei i følgje Grunnlova som hovudregel berre kan avsetjast ved dom.[1] Dette grunnlovsvernet gjeld likevel ikkje medlemmer av statsrådet, tilsette ved statsrådets kontor, militære leiarar og visse andre grupper kan bli avsett av Kongen.
Bakgrunnen for dette særskilt sterke stillingsvernet, var frykta for at forfatningsglidning attende til einevelde dersom kongen kunne avskjedige statstenestemenn på grunn av politisk usemje. Embetsmennene hadde i perioden 1814 til 1884 ein dominerande posisjon i det norske samfunnet. Styrking av lokaldemokratiet har sidan redusert makta til embetsmennene. Mange stillingar som tidlegare var embete vert no tilsette på lågare forvaltingsnivå.