Embetseksamen var tidlegare den avsluttande høgare eksamen innan alle fagområde ved universiteta i Noreg, og blei brukt både på lågare grad, cand.mag., og på høgare grad, det vil seie cand.jur. (juridisk embetseksamen), cand.med., cand.theol., cand.philol., cand.polit., cand.scient. og så vidare.

Omgrepet har sin bakgrunn i at høgare eksamen ved universiteta, særleg innan jus og teologi, danna grunnlag for tilsetting i offentlege embete.

Omgrepet fall formelt bort med Universitetslova av 1989, men blei av dei ulike fakulteta framleis brukt for å vise til den avsluttande eksamen for studia der.

I samband med Kvalitetsreforma vart det vedtatt å erstatte desse tidlegare gradene med gradene bachelor og master.

Sjå også endre