Emil Brack (8. desember 18605. november 1905) var ein tysk sjangermålar som dreiv med oljemåling og akvarell.

Emil Brack
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 8. desember 1860
Naumburg (Saale)
Død

5. november 1905 (44 år)
München

Yrke kunstmålar, akvarellmaler, teiknar
Emil Brack på Commons

Liv og virke

endre

Brack var fødd i Naumburg i Saale. Han studerte frå 1878 til 1883 ved Preußischen Akademie der Künste i Berlin under Paul Thumann, Otto Knille og Ernst Hildebrand. Frå 24. oktober 1883 fortsette han studia ved Königlichen Akademie der Künste München under Wilhelm Lindenschmit den yngre. Deretter var han ved Académie Julian i Paris i 1885. Han drog også på studiereiser til Danmark og Italia.

Tilbake i Tyskland verka han i Berlin frå 1886 og i München frå 1891. Han vigde seg til sjangermåleri med scener frå rokokko- og empiremiljø. Verka hans var særs omtykte, og reproduksjonar av rundt 50 av bilda hans var tilgjengelege frå Kunstverlag Franz Hanfstaengl.

Han var medlem av kunstnarkooperativet i München, Münchner Künstlergenossenschaft.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Otto Weigmann: Brack, Emil. I: Ulrich Thieme, Felix Becker (Hrsg.): Allgemeines Lexikon der Bildenden Künstler von der Antike bis zur Gegenwart. Begründet von Ulrich Thieme und Felix Becker. Band 4: Bida–Brevoort. Wilhelm Engelmann, Leipzig 1910, s. 303 (Internet Archive). 
  • Brack, Emil. I: Allgemeines Künstlerlexikon. Die Bildenden Künstler aller Zeiten und Völker (AKL). Band 13, Saur, München u. a. 1996, ISBN 3-598-22753-1, s. 513.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Emil Brack