Emilie Bernhoft

Emilie Bernhoft (2. februar 18302. januar 1911) var ein norsk slektsforskar, forfattar og legatstiftar.[1]

Emilie Bernhoft
Fødd 2. februar 1830
Ytterøya
Død

2. januar 1911 (80 år)
Lillehammer

Yrke skribent, genealog

Emilie Bernhoft var dotter av sokneprest Jørgen Bernhoft og Barbara Thode Helsing.[2] Ho vart ikkje gift. Faren hennar døydde på Ringebu prestegård i 1855.[3] Då flytta ho saman med mora til Lillehammer.[1]

Emilie Bernhoft var ein ivrig lesar av bøker, aviser og genealogiske nedteikningar. Ho samla omfattande genealogiske opplysningar, noko som i 1885 resulterte i utgjevinga hennar Stamtavle over Slægten Bernhoft. Ho gjorde òg eit omfattande kartleggingarbeid med slekta Astrup.

Ho vart bisett 6. januar 1911 i Ringebu. Ho oppretta eit legat på kr. 1800 (Jørgen Bernhofts Legat, namngjeve etter far hennar), som skulle styrast av soknepresten i Ringebu, og som skulle falla til slektningar og Hedningemisjonen.

BibliografiEndra

  • 1885: Stamtavle over Slægten Bernhoft

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Gudbrandsdølen, 3. januar 1911», www.nb.no, s. 3, henta 11. november 2021 
  2. Ministerialbok for Ytterøy prestegjeld, Ytterøy sokn 1817-1842 (1722P): Fødte og døpte: 1830-06-30
  3. Ministerialbok for Ringebu prestegjeld 1848-1859 (0520P): Begravde: 1855-04-10