Astrup er ei dansk-norsk slekt og eit slektsnamn. Namnet kjem av garden Astrupgaard i tidlegare Hviding herad sør for Ribe på Vestjylland i Danmark. Slekta kan førast attende til bonden Troels Winter (ca. 1440–1510). Namnet kom til Noreg med futen Niels Astrup (død 1743).

Kjende personar

endre
 
Kunstnaren Nikolai Astrup (1880–1928)

Kjende personar med namnet Astrup er mellom andre:

Slektstre

endre

Niels Astrup (1681–1743) (son prost Niels Astrup i Hviding) til Noreg 1715. Han var fut på Sunnmøre og gift med Anne Elisabeth Finde. Nokre av deira etterkommarar (lista er ikkje fullstendig):

  • Cathrine Astrup (1714-1768), gift med sorenskrivar Iver Leganger (barneborn av Iver Leganger, systera Gertrud var gift med Hans Astrup)[1]
  • Niels Astrup (1717–1792), prost i Ørskog, gift med Gertrud Magdalene Brandahl[2]
  • Hans Astrup (1719-1769) kapellan i Os, gift med Gertrud Garmann Leganger (1730-1768) dotter av sokneprest Nils Leganger i Os (Cathrine Astrup var gift med ein son av Nils Leganger)[3]
  • Hans Christian Astrup (1721–1802)
  • Otto Finde Astrup (1715–1771), sokneprest i Norddal, gift (1) med Maren Finde (1702-1766) og (2) med Margrethe Holtermann (f. 1725, kusine av Hans Holtermann),[4] ingen barn[5][6]

Niels Astrup (1717–1792)

endre

Niels Astrup (1717–1792) var prost i Ørskog og gift med Gertrud Magdalene Brandahl,[7]. Mellom deira etterkomarar er dottera Anne Elisabeth Astrup, gift med sokneprest Rasmuss Tonning. Fleire etterkomarar nedanfor.

Nikolai Astrup (1747–1802)

endre

Nikolai Astrup (1747–1802), prest i Ørskog, gift med Kristine Margrehte Abelseth (d.1830).[8]

  • Gertrud Marie (f.1780), gift med Hans Jørgen Reutz Synnestvedt (1771-1841), offiser, vegmeister og stortingsmann
  • Henning Martin Astrup (1788–1845), kjøpmann, gift 1823 i Larvik med Maren Dorthea Lorbauer (1791-1885)
    • Harald Astrup (1831–1914), stadshauptmann, gift med Emilie Johanne Smith (1836–1915). Skipa i 1857 Astrup & Smith.[9]
      • Henning Astrup (1864–1896), arkitekt
      • Eivind Astrup (1871–1895), polarforskar
      • Sigurd Astrup (1873–1949), forretningsmann og stortingsmann, gift med Ingeborg Willumsen (1877–1962)
        • Harald Sigurdssøn Astrup (1903–1983), forretningsmann, gift med Mabel Annette Plathe Butenschøn (1906–1994), syster til Barthold A. Butenschøn
      • Thorvald Astrup (1876–1940), arkitekt
        • Henning Thorvaldssøn Astrup (1904–1983), arkitekt
  • Nils Astrup (1778–1835), fut og stortingsmann, gift med Ingeborg Ross Møller (1788–1846).[10]
    • Nicolay Astrup (1817–1888), sorenskrivar i Valdres
      • Nils Astrup (1843–1919), misjonsbiskop i Zululand
        • Johannes Astrup (1872–1955), misjonsprest i Zululand
      • Christian Astrup (1844–1919), sogneprest, gift med Petra Constanse Lodtz (1860– )
        • Nikolai Astrup (1880–1928), målar frå Jølster, gift med Marie Sundt (1892– )
          • Kari Petra Astrup (1911–1953), gift med Jarle Knut Geelmuyden (1895–1958)
            • Nikolai Astrup Geelmuyden (1931– ), kunstmålar
          • Petra Kristine Johanne Astrup (1888–1949), gift med Alf Bjørnskau Bastiansen (1883–1965)
          • Christian Astrup (1890–1936), prost
            • Christian Astrup (1921–1989), professor i psykiatri
              • Inger Astrup (1950–2006), gift med John Fredriksen (1944) skipsreiar
              • Mari Astrup (1956-), biletkunstnar
            • Nikolai Astrup d.y. (1931–1990), kunstmålar frå Nordfjord[11]
        • Ragnhild Astrup (1849–1912) gift 1868 med Julius Herman Jakhelln (1832–1920)
        • Hans Jørgen Synnestvedt Astrup (1852–1939), misjonsbiskop i Zululand
    • Ole Christian Astrup (1820–1876) utskiftingsformann, gift 1860 med Johanne Uchermann (1839–1861) frå Innvik, Ole gift igjen 1863 med systera Henriette Uchermann (1841–1921)
      • Arnt Uchermann Astrup (1864–1934), fødd i Vik i Sogn, lege i Lillehammer, gift med Edle Due (1871–1931)
        • Edle Due Astrup (1903–1978) amanuensis, gift med Thor Bendz Kielland (1894–1963)
    • Carl Martin Astrup (1830–1871), bonde
      • Carl Martin Astrup (1871– ), bonde
        • Christian Astrup (1909–1983), økonom og politikar, gift med Else Johanne Prytz

Hans Rasmus Astrup (1754–1827)

endre

Hans Rasmus Astrup (1754–1827) var kapellan i Leikanger og sokneprest i Grytten. Han var gift med Pauline Susanne Tønder (1768-1834) dotter av sokneprest Ebbe Carsten Tønder i Stranda. Av deira etterkomarar:

  • Ebbe Carsten Tønder Astrup (1794–1888)

Kjelder

endre
  1. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  2. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.265.
  3. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.272.
  4. Digitalarkivet, Døypte i Bergen 1668-1815, Margrethe dotter av Carsten Holtermann og Sara Davidsdtr døypt 1. august 1725.
  5. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.56 – bygdeboka skriv at skiftepapira viser at han truleg ikkje hadde etterkommarar.
  6. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel – Lampe nemner inga etterslekt for Otto Astrup.
  7. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.265.
  8. Lampe oppgir 6. desember 1748 som fødselsdato (Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.265.)
  9. «Astrup & Søn A/S hjemmeside». 
  10. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.265.
  11. NRK fylkesleksikon: Nikolai Astrup d.y. lese på nett 26.mars 2013.