Emilija Khalsberijevna Turej (fødd 6. oktober 1984) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Astrakhan. Ho vart verdsmeister for Russland i 2005, 2007 og 2009. I 2007 vann ho EHF-meisterligaen med danske Slagelse. Turej var kantspelar, spelte oftast venstrekant.

Emilija Turej


Statsborgarskap Russland
Fødd 6. oktober 1984 (39 år)
Astrakhan
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Karriere endre

Landslagsspel endre

Perioden 2005-09 sanka Turej jamt medaljar med det russiske mannskapet i dei internasjonale meisterskaps-turneringane. Det tok til med VM-gull i 2005, heldt fram med EM-sølv i 2006, og VM-gull i 2007. År 2008 tapte Russland OL-finalen mot Noreg, før laget vann bronsefinalen i europameisterskapen. Hausten 2009 vann Turej gull i verdsmeisterskapen for tredje gong i rad, i alle tre VM-finalane skåra ho 3 av Russlands mål. Trass i at Russland enda på sjetteplass i Handball-VM 2011, vart ho kåra til meisterskapens beste venstrekant. Turej deltok frå 2005 til 2012 i 180 av Russland sine landskampar, skåra 613 mål.

Klubbspel endre

Turej var aktiv i laget Astrakhanotsjka. I 2005 fekk ho kontrakt med danske Slagelse DT. Her vart ho i 2007 dansk seriemeister og vinnar av meisterligaen. I 2008 gjekk ho over til FCK Håndbold, eit lag som i 2009 triumferte i cupvinnarcupen og i 2010 i den danske cupmeisterskapen. Sidan spelte ho sesongen 2010/11 for spanske Itxako, deretter 2011/12 i Rostov-Don. 2012/13 var ho tilbake i Astrakhanotsjka, før ho avslutta med CSM Bucuresti i 2013/14-sesongen.

Merittar endre

  • VM-gull: 2005, 2007 og 2009 for Russland
  • OL-sølv: 2008 for Russland
  • EM-sølv: 2006 for Russland
  • EM-bronse: 2008 for Russland
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2007 for Slagelse
  • Finaletap i EHF-meisterligaen: 2011 Itxako
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 2009 for FCK
  • Dansk seriemeister: 2007 for Slagelse
  • Dansk cupmeister: 2010 for FCK

Kjelder endre