Emma Hjorth

Emma Alethe Hjorth (21. mai 18584. april 1921) var ein norsk pedagog som særleg er kjend for å ha skipa Emma Hjorths Hjem i Bærum kommune, den fyrste institusjonen eller heimen i Noreg for psykisk utviklingshemma personar. Ho var frå garden Nedre Lippestad i Hobøl kommune, og hadde etternamnet Lippestad til ho i 1890 fekk nytt etternamn då ho gifta seg med arkitekt Ingvar Magnus Olsen Hjorth.

Emma Hjorth
Fødd 21. mai 1858
Død

2. juli 1921 (63 år)

Emma Hjorth vart lærarinne i 1879, og deretter tilsett ved det «institutt for åndssvake piker» som broren, Johan Anton Lippestad, nyss hadde skipa på Thorshaug i Kristiania, no Torshov i Oslo; seinare fekk denne skulen namnet Torshov offentlige åndssvakeskole. Etter å ha fått stipend, var ho eitt års tid kring 1884 hjå to større institusjonar for psykisk utviklingshemma i Philadelphia og Boston i Sambandsstatane, og gjorde seinare fleire studiereiser til institusjonar i Europa.

I mange år var Emma Hjorth fyrstelærarinne på skulen på Torshov, før ho i 1898 skipa sin eigen institusjon, som til å byrje med låg i Vollen i Asker, Fru Hjorths pleie- og aldershjem, og hadde to pasientar. Ho flytta institusjonen til Solvang på Asker året etter, og deretter til garden Tokerud i Bærum kommune, som ho kjøpte i 1903 og innreidde til pleieheim for "ikkje dannelsesdyktig åndssvake", og som med tida skulle verte kjend som Emma Hjorths Hjem. I 1910 ble to nye gyggnader reist, og heimen hadde da plass til 100 "alumner". I 1915 vart heile institusjonen gjeve med både bygningar, grunn og ein rekkje legat til staten, og vart då gjort til sentralinstitusjon for Sør-Noreg. Etter dette var Emma Hjorth med i styret for tilsynskomiteen for institusjonen, og frå 1919 dessutan formann i styret for organisasjonen Hjemmenes Vel.

Emma Hjorths hjem vart lagd ned i 1996 som fylgje av ansvarsreformen, som var ei stor omlegging av hjelpetiltaka for psykisk utviklingshemma for å gje dei eit liv meir i samsvar med det som er vanleg for folk flest. Eit museum med namnet Emma Hjorths Museum vart opna i det einaste gjenverande byggnaden på det opprinnelege Emma Hjorths hjem 12. november 1998, altså på hundreårsdagen for skipinga av den heimen i Asker som vart den spede spira til institusjonen. Museet syner «en historie om åndssvakeomsorgen i Norge», med hovudvekta på tida frå 1898 til 1945, og gjev innsyn i livet på institusjonen ved hjelp av utstilte bilete, gjenstandar og tekster.

Emma Hjorth vart heidra ved at ein veg i området ved Emma Hjorths hjem fekk namnet Emma Hjorths vei i 1949, og ved at ein skule for psykisk utviklingshemma vart skipa med namnet Emma Hjorths skole i 1961, nedlagd i 1996 og erstatta i 1998 av ein nybygd, ordinær barneskule som òg fekk namnet Emma Hjorths skole.