Emma Steinbakken (fødd 10. mars 2003) er ein norsk artist frå Jessheim.[1] Ho er kjend for singlane «Not Gonna Cry» (2018) og «Without You» (2019). Ho har også gitt ut singelen «Stay With Me» (2020) som var ein del av lydsporet til den populære Netflix-serien Hjem til jul.[2] I andre sesong av den norske TV-serien Rådebank frå 2021 bidrog ho med låten «Jeg glemmer deg aldri», ein coverversjon av «Eg gløymer deg aldri» av Hellbillies.[3] For låten vart ho nominert til Spellemannprisen 2021 i klassen årets låt.[4] Då det amerikanske bandet Imagine Dragons kom til Bergen med det nye albumet Mercury i 2022 var Steinbakken fyrste oppvarmingsartist.

Emma Steinbakken
Fødd10. mars 2003 (21 år)
FødestadJessheim
OpphavNoreg
Sjangerpop
PlateselskapLittle Big Music
Verka sommusikar
PrisarP3 Gull for årets artist, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets gjennombrudd

Kjelder

endre
  1. «Skal varme opp for Zara Larsson: – Helt sykt!». tv2.no. 21. juli 2021. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Musikk-suksess for «Hjem til jul»». vg.no. 30. desember 2020. Henta 11. mars 2022. 
  3. «Står bak «Rådebank»-låt: − Sykt mange tilbakemeldinger». vg.no. 11. februar 2021. Henta 11. mars 2022. 
  4. «Dette er årets nominerte». dagbladet.no. 11. februar 2022. Henta 11. mars 2022.