Hellbillies
Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal som blei danna i 1990, og som sidan starten har hatt stor suksess. Dei har gitt ut ei rekke plater som alle har selt svært bra.
Hellbillies | |||
| |||
Aktiv | 1990– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkrock | ||
Plateselskap | EMI | ||
Prisar | Norsk Artistforbunds Ærespris, Målprisen, Årets spellemann, Spellemannprisen i roots og country, Spellemannprisen i country, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Rockheim Hall of Fame |
Tekstane er skrivne på nynorsknært hallingmål, og dei er om alt frå kvardagslege og jordnære ting til djupare stoff, til dømes samfunnskritikk. Dei har au samarbeidd med musikarar frå USA: Rob Hajacos frå Nashville, som spelar fele på dei fleste platene av Garth Brooks, spelar au fele på tre av platene til Hellbillies. Han har au vore to gonger i Noreg for å halde konsertar og spela inn plater saman med Hellbillies.
I 2002 vart vart Hellbillies tildelt Alf Prøysens Ærespris.
Bandet blei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2007 og vann i tillegg klassen country for albumet Spissrotgang. I 2008 vann dei Gammleng-prisen i klassen rock/roots.
Hellbillies er eit svært aktivt turneband, og spelar over heile landet.
Medlemer
endre- Aslag Haugen - vokalist, gitarist
- Lars Håvard Haugen - lead-gitarist, vokalist
- Bjørn Gunnar Sando - trommer
- Egil Stemkens - bass (2016-idag)
- Arne Henry Sandum - bass (1990-2016)
- Arne Moslåtten - trekkspel, fløyte, gitar, perkusjon, tekstforfatter (1990-2013)
- Lars Christian Narum - piano, orgel (2003-idag)
- Trond Nagell Dahl - (Innleid mellom 2000 og 2003)
Diskografi
endre- Sylvspente boots – 1992
- Pela stein – 1993
- Fekk Spellemannsprisen for beste «roots»-plate i 1993. Spela inn i Crazy Mama's Studio, Nashville.
- Lakafant – 1995
- Drag – 1996
- Innspela i Nashville.
- LIVe LAGA – 1997
- Spela inn live på Down on the farm-festivalen i Østfold.
- Sol over livet – 1999
- Studioalbum.
- Urban Twang – 2001
- Selde i over 30 000 eksemplar den fyrste månaden, noko som kvalifiserte til gullplate. Spela inn i Hit Shack Studio i Austin, Texas med Stephen Bruton som produsent.
- CoolTur – 2002
- Niende – 2004
- Røta – 2006
- Samling med Hellbillies beste - live frå Rockefeller - seksarterning i VG
- Spissrotgang – 2007
- Var på topp på VG-lista i veke 43 og 44 i 2007, for fyrste gongen i historia til bandet. Arne Moslåtten vann Edvard-prisen for plata.
- Leite etter lykka – 2010
- Tretten – 2012
- Seven Bridges Crossed – 2013
- Engelsk utgåve av Tretten
- LEVANDE LIVe – 2014
- Konsertplate
- Søvnlaus – 2016
- I eksil på Sundrehall – 2020
- EP
- Blå dag – 2021