Emotions av The Pretty Things

Emotions av The Pretty Things
Studioalbum av The Pretty Things
Språk engelsk
Utgjeve 18. april 1967
Innspelt Philips Studios, London
Sjanger Freakbeat, psykedelisk pop
Lengd 32:14
Selskap Fontana Records
Produsent Steve Rowland
The Pretty Things-kronologi 
Get the Picture?
(1965)
Emotions av The Pretty Things S.F. Sorrow
(1968)


Emotions er det tredje studioalbumet til den engelske rockegruppa The Pretty Things, utgjeve i 1967.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Innspeling endre

Innspelinga av Emotions var spreidd utover fleire månader på grunn av store endringar i besetninga til bandet. Plateselskapet deira Fontana hadde ikkje vore nøgd med korleis dei tre singlane deira frå 1966, «Midnight to Six Man», «Come See Me» og «A House in the Country» hadde selt. For den sistnemnde singelen, hadde Fontana gjeve dei produsenten Steve Rowland, som produserte hittar for Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick & Tich og håpte at Rowland ville hjelpe dei i å finne ein kommersiell stil som kunne betre salstala. Bandet var ikkje nøgd med denne innblandinga og ønskte å forlate Fonanta. Dei gjekk derfor berre med på kravet til Fontana for å fullføre kontrakten deira som omfatta eit tredje album.

Innspelinga av Emotions byrja mot slutten av 1966. Det første resultatet, «Progress», kom ut på singel i desember 1966. Denne hadde med blåsarar, og sjølv om han var kommersiell, selde han dårleg.[2] Brian Pendleton var ikkje nøgd med retninga bandet tok, og då dei heller ikkje hadde pengar, slutta han i bandet den jula. Ein månad seinare vart bassisten John Stax òg misnøgd og slutta han òg. Frontmannen Phil May ringde til barndomsvenen Wally Waller, som hadde spelt i bandet The Fenmen som nettopp var oppløyst, og han hjelpte til med å spele inn resten av albumet. Waller tok over på bass og henta inn trommeslagaren i Fenman, Jon Povey, som òg var klaverspelar. Waller og Povey var store fans av The Beach Boys og mellom seg utvikla dei sin eigen distinkte harmonivokal som i lag med vokalen til May gav The Pretty Things ein ny dimensjon.

Det var ikkje mykje att av den gamle R&B-stilen til bandet, då Phil May og Dick Taylor skreiv songar som var meir lunefulle og popaktige, tydeleg inspirert av Ray Davies. Steve Rowland meinte at dei nye songane høyrdest litt tomme ut, så han henta inn arrangøren Reg Tilsley som skreiv og dirigerte orkesterarrangement for dei fleste spora. Igjen var bandet misnøgde med dette, men gjekk med på det for å kome seg ut av kontrakten med Fontana. Tilsley fekk demoinnspelingar og uferdige opptak av songane, og skreiv arrangementa. Somme av dei var ganske enkle, med blåsarar, medan andre var meir utførlege med strykarar.

Somme av desse arrangementa vart berre lagt oppå det som alt var spelt inn. Dick Taylor har fortalt at for somme av songane var bandet i studio i lag med ensemblet til Tilsley. Fordi songane stort sett alt var skrivne, bidrog ikkje dei nye medlemmane Waller og Povey mykje med låtskrivinga, og la heller ikkje vokalharmoniane sine til mykje av albumet. Dei nye harmoniane dukka opp på «Children», som vart vald ut som singel i mai 1967 på Fontana TF 829. Harmoniane dukka òg opp på «Out in the Night», «Bright Lights of the City» og «My Time».

Utafor studio hadde stilen til bandet endra seg drastisk på scenen, sidan dei var blitt involvert i den blømande psykedeliske bølgja. Då Emotions kom ut var det enorm kontrast mellom bandet på denne plata og konsertane deira. Bandet var ikkje nøgd med albumet og ønskte ikkje å marknadsføre det. Då albumet kom ut var dei ikkje lenger bundne til Fontana og var fri til å søkje ny platekontrakt.[3]

Etter utgjevinga endre

Ingen av songane frå Emotions vart framførte på konsertane deira. Dei rett og slett ignorerte albumet, men då singelen «Children» kom ut, spelte dei denne songen ein gong i Paris for fransk TV.

Først utpå 1990-talet henta The Pretty Things fram «Growing In My Mind» for somme konsertar, sidan det var ein song Phil May innrømde han likte og ikkje var flau over. Då albumet vart ommastra for Snapper CD, gjekk manageren Mark St. John attende til det originale tresporsopptaket for å mikse «There Will Never Be Another Day», «The Sun», «Photographer» og «My Time» på ny, i tillegg til singelen «Progress». Dei kom då utan arrangementa til Reg Tilsley. Desse vart presenterte som bonusspor på den ommastra CD-en.

I desember 2009 gav Wally Waller og Jon Povey ut Sunstroke, ein CD med sjeldne, unytta opptak frå tida si i The Fenman. For å fylle opp plata spelte dei, under namnet The Bexley Brothers, inn åtte nye songar med Dick Taylor som gjest på eit par songar. Her var mellom anna ei ny innspeling av «The Sun» med Povey på solovokal.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Death of a Socialite»Phil May, Dick Taylor, Ian Stirling2:44
2.«Children»May, Taylor, Wally Waller3:05
3.«The Sun»May, Waller3:06
4.«There Will Never Be Another Day»May, Taylor, Waller2:22
5.«House of Ten»May, Taylor, Waller2:54
6.«Out in the Night»Taylor, Stirling2:44
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«One Long Glance»May, Taylor, Waller2:54
8.«Growing in My Mind»May, Taylor2:21
9.«Photographer»May, Taylor, Stirling2:07
10.«Bright Lights of the City»May, Waller3:02
11.«Tripping»May, Taylor3:26
12.«My Time»May, Taylor, Waller3:09
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«A House in the Country»Ray Davies3:00
14.«Progress» 2:42
15.«Photographer» 2:14
16.«There Will Never Be Another Day» 2:25
17.«My Time» 3:11
18.«The Sun» 3:09
19.«Progress» 2:57

Medverkande endre

  • Phil May – vokal
  • Dick Taylor – gitar
  • Skip Alan – trommer
  • Jon Povey – vokal, klaverinstrument
  • Wally Waller – bass, gitar, vokal
  • Brian Pendleton – rytmegitar
  • John Stax– bass
  • Johnnie Gray - saksofon
  • J. Collier - kontrabass
  • G. Wallace - basstrombone
  • John Shinebourne, Lionel Ross, R. Kok, William de Mont - cello
  • Reg Tilsley - dirigent
  • Marie Goossens - harpe
  • Keith Christie - trombone
  • Albert Hall, Bert Ezzard, Greg Bowen - trompet
  • Johnny Edwards – ventiltrombone

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Summer McStravick, John Roos Blues-rock Explosion 0970133278 2001 - Page 214
  3. Alan Lakey, The Pretty Things: Growing Old Disgracefully (2002)

Bakgrunnsstoff endre