«En gylden Buddha»
Singel av Per Asplin og Jan Høiland
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1962
Låtskrivar(ar) Bjarne Amdahl og Magne Amdahl

«En gylden Buddha» er ein song av Per Asplin og Jan Høiland, gjeven ut i 1962. Songen er skriven av Bjarne Amdahl og Magne Amdahl.[1]

«En gylden Buddha» deltok i Melodi Grand Prix 1962, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1962 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på norsk av Per Asplin med eit lite orkester, og så på nytt av Jan Høiland med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 50 poeng.[2][3]

Fotnotar endre

  1. «MGP 1962» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1962» (på engelsk). esc-history.com. Henta 17. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1962» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 17. juni 2014.