Encyclopédie, ou dictionnaire raisonné des sciences, des arts et des métiers var eit tidleg leksikon som blei gjeve ut i Frankrike mellom 1751 og 1772. Hovudredaktørar for verket var Denis Diderot og Jean le Rond d'Alembert.

Tittelsida til første bind av .

Eit år etter at første band kom ut blei verket midlertidig forbode, men allereie året etter, i 1753, kunne utgjevinga halda fram. Frå først av var verket ei omsetjing Ephraim Chambers si engelske Cyclopaedia, or Universal Dictionary of Arts and Sciences, som kom ut i 1728 i to band, men etterkvart blei Encyclopédie kraftig utvida og politisert med mange liberale og progressive idear. Ved avsluttinga i 1772 omfatta verket 17 band tekst og 11 band med bilete og teikningar.

Mange framtredande personar bidrog til verket, mellom dei Jean-Baptiste Bourguignon d'Anville, Georges Louis Buffon, Antoine Louis (konstruktør av den første giljotinen), baron de Montesquieu, Jean-Jacques Rousseau og Voltaire. Bidragsytarae blei omtalte som encyclopédistes. Verket spelte ei viktig rolle i den intellektuelle tankegangen som førte fram til den franske revolusjonen. Nokre artiklar snakka om å endra sosiale og politiske institusjonar som ville betra samfunnet for alle.[1] Sidan verket var skrive på fransk som på den tida var eit viktig språk intellektuelt, diplomatisk og administrativt, kunne mange europearar ta til seg ideane i verket.[2]

BakgrunnsstoffEndra

Nettstader
Litteratur om Encyclopédie

KjelderEndra

Fotnotar
  1. Spielvogel, s. 480-481
  2. Magee, s. 125
Kjelder
  • Spielvogel, Jackson J, Western Civilization, Boston: Wadsworth Cengage Learning, 2011, ISBN 0-495-89733-7
  • Magee, Bryan, The Story of Philosophy, New York: DK Publishing, Inc., 1998, ISBN 0-7894-3511-X

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.