Endeavour Massif er eit stort, flatt fjellmassivScott Coast i Victoria Land i Antarktis. Massivet strekkjer seg sørover frå Pa Tio Tio Gap til Frybreen og dannar den sørlege blokka av Kirkwood Range (Robertson Massif dannar den nordlege). Shoulder Mountain, Mount Belgrave og Mount Creak stig opp frå den sørlege delen av massivet. Bratte kystklipper og utskytande ryggar markerer austsida, medan vestsida heller slakare ned frå den vide, platåliknande toppen.

Endeavour Massif
fjell
Land  Antarktis
Topp Victoria Land
 - koordinatar 76°33′S 162°2′E / 76.550°S 162.033°E / -76.550; 162.033
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Endeavour Massif
76°33′00″S 162°02′00″E / 76.55°S 162.03333333333°E / -76.55; 162.03333333333
Endeavour Massif is located in Antarktis
Endeavour Massif (Antarktis)

Fjellet vart opphavleg kalla «Mount Endeavour» av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition i oktober 1957, men på seinare kart frå New Zealand og USA er dette namnet nytta om ein 1800 moh høg topp nordvest for Mount Creak. Etter ytterlegare kartlegging av US Geological Survey i 1999 og samtalar mellom Advisory Committee on Antarctic Names og New Zealand Geographic Board, var tnamnet på den sørlege blokka av Kirkwood Range endra til «Endeavour Massif» for at terminologien skulle høve betre til den komplekse karakteren til massivet. For å halde på det historiske namnet vart Mount Endeavour nytta om toppen nordvest for Mount Creak. Begge er kalla opp etter HMNZS «Endeavour» (tidlegare John Biscoe), forsyningsskip for den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand i 1957.[1]

Kjelder

endre
  1. «Endeavour Massif». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Endeavour Massif» (innhald frå Geographic Names Information System).