Ene er ei elv i Peru på austsida av Andesfjella.

Ene
elv
Rio Ene.png
Relieffkart over nordaustlege del av Junin med elva Ene
Land Flag of Peru.svg Peru
Lengd 181 km
Kjelde Der Mantaro og Apurímac går saman
 - høgd ca 400 moh.
Munning Ved landsbyen Puerto Prado, Andes, Peru

Ene
11°10′9″ S 74°13′57″ W
Wikimedia Commons: Ene River

Ene utgjer ein del av eit system av elvar som gjev vatn til Ucayali, ei stor sideelv til Amazonaselva. Ei av kjeldene til systemet er ved Nevado Mismi nord for Arequipa ved vasskiljet mot elva Colca. Dette vatnet går først inn i Apurímac, deretter Ene som vert til Tambo før vatnet går inn i Ucayali.

Ene startar på 12°15′45″S 73°58′30″W kor Mantaro og Apurímac går saman, ca. 400 moh., kor regionane Junín, Ayacucho og Cuzco møtast.

Elva flyt i retning nordvest i ei lengd på 180,6 kilometer.

Ved 11°09′39″S 74°14′48″W går Ene og Perené saman. Her ligg byen Puerto Prado, 295 moh. Nedanfor dette punktet har elva namnet Tambo.

KjelderEndra