Opna hovudmenyen

Cuzco-regionen (spansk Región Cusco, quechua Qusqu suyu) er ein region i det sentrale Peru. Han har grenser mot Ucayali-regionen i nord, mot Madre de Dios-regionen og Puno-regionen aust, mot Arequipa-regionen i sør og mot Apurímac-regionen, Ayacucho-regionen og Junín-regionen i vest.

Cuzco-regionen
region
Sacred Valley (around Pisaq), Peru.jpg
Land Flag of Peru.svg Peru
Hovudstad Cuzco
Perú Cusco.png
Wikimedia Commons: Cusco Region

Cuzco-regionen er på 72 104 km² og har 1 103 536 innbyggjarar (1996). Regionhovudstaden er Cuzco.

Politisk inndelingEndra

Regionen er delt inn i 13 provinsar som igjen er delt inn i til saman 108 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

  1. Acomayo (Acomayo)
  2. Anta (Anta)
  3. Calca (Calca)
  4. Canas (Yanaoacá)
  5. Canchis (Sicuani)
  6. Chumbivilcas (Santo Tomás)
  7. Cuzco (Cuzco)
  8. Espinar (Yauri)
  9. La Convención (Quillabamba)
  10. Paruro (Paruro)
  11. Paucartambo (Paucartambo)
  12. Quispicanchi (Urcos)
  13. Urubamba (Urubamba)

GeografiEndra

Regionen har eit landskap med mykje mangfald sett saman av fjell, høgfjellsplatå, bratte og slakke dalsider og canyonar.

KjelderEndra