Engavatnet er ein innsjø som ligg i Brønnøy kommune i Nordland. Innsjøen er kjend for å vere særs lunefull, og med ujamne mellomrom forsvinn han heilt. Sist sjøen forsvann var i 2000, men det er òg registrert at han har forsvunne i 1957, 1974 og 1997. Spesielle grunnforhold og grottesystemer under innsjøen skal vere årsaka til at innsjøen forsvinn når grunnvassnivået er lågt. Vatnet er gjerne tilbake i innsjøen etter å ha vore borte eit par veker.

Engavatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Brønnøy
Høgd over havet ca. 70 moh.
Kart
Engavatnet
65°25′53″N 12°31′26″E / 65.431403°N 12.523813°E / 65.431403; 12.523813

I botn av Engavatnet er det eit hol som er bunde til eit grottesystem. Dette holet vert vanlegvis tetta igjen av leire, men når grunnvasspegelen søkk kan denne «proppen» kollapse, og vatnet forsvinn. I 1997 skjedde dette så fort at fisk vart liggande på botn. Vanlegvis følgjer fisken med vatnet ned i grottene, og kjem tilbake i Engavatnet etter ein periode med nedbør, når vasstanden igjen er normal.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.