Engelbrekt Bruun
norsk politikar
Engelbrekt Christen Bruun (11. desember 1839–18. februar 1913) var ein norsk reipslagar og stortingsmann frå Hurdal.
Engelbrekt Bruun | |||
Fødd | 11. desember 1839 | ||
---|---|---|---|
Død | 18. februar 1913 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Gerdt Henrik Meyer Bruun | ||
Alle verv |
|
Bruun var son til ein sokneprest. Sjølv vart han utlært til reipslagar, tok sveineprøve i 1859 og meisterprøve to år etter. Frå 1861 til 1897 dreiv han som reipslagar i Bergen, overlet forretninga til ein son. I 1874 starta han saman med ein anna reipslagar Bergens traad- og drevfabrikk.
Bruun var medlem av bystyret i Bergen i tida 1875-83, av formannskapet 1875-78. Etter han let sonen overta reipslagingsverksemda i Bergen, flytta han til ein gard han eigde i Hurdal og budde der livet ut. I Hurdal var han medlem av formannskapet frå 1907.
Bruun var 4. representant frå Bergen på Stortinget 1880-82, medlem av tollkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914