Engervannet
innsjø i Bærum kommune
Engervannet er eit vatn nær Sandvika i Bærum kommune i Akershus fylke. Vatnet høyrer til Sandviksvassdraget og ligg ved Sandvika mellom Løkkeåsen og Sandviksåsen.
Engervannet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Bærum | ||
Høgd over havet | 4 moh. | ||
Areal | 0,18 km² | ||
Kystlengd1 | 2,61 km | ||
Koordinatar | 59°53′49″N 10°32′4″E / 59.89694°N 10.53444°E | ||
Byar | Sandvika | ||
Engervannet 59°53′49″N 10°32′04″E / 59.896944444444°N 10.534444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Engervannet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Nordaustenden av vatnet, der Øverlandselva renn ut i Engervannet, er vatnet særs grunt. Dette området er attraktivt for fuglar. Rundt sørvestenden av vatnet er området utbygd. Her er det populært å mate ender vinterstid. Blommenholm og Sandvika Tennisklubb har lokala sine i området.
Normalt renn vatnet frå Engervannet ut i Rønneelva, som møter Sandvikselva, like før Sandvikselva munnar ut i Oslofjorden. Engervannet ligg derimot så lågt at når det er høg flo i Oslofjorden vil vatnet stundom renne opp Rønneelva og inn i Engervannet.