Sandvikselva
Sandvikselva, opphavleg Løxa, i Bærum er ei elv som oppstår der Lomma og Isielva renn i hop ved Wøyen. Elva munnar ut 4,5 km nedanfor i Oslofjorden ved Kadettangen i Sandvika. Ved utløpet går det fleire bruer over elva: Nedst E18-brua, så Nybrua i Sandvika Sentrum og så Løkke bro frå 1829.
Elva var tidlegare drivkraft for industri; mellom anna ved Fransefoss der Frantzefoss Bruk no ligg. Den gamle Kalkmølla ved Fransefoss er no innreidd til konsert- og selskapslokale.
Elva er ein del av Sandviksvassdraget.