England og Wales (raudt), med resten av Storbritannia og Nord-Irland (rosa).

England og Wales er eit administrativt område i Storbritannia, danna av dei to landa England og Wales. Området ligg under same jurisdiksjon. Dei følgjer eit felles rettssystem kjend som engelsk rett.

Wales blei teke opp i det engelske monarkiet gjennom Rhuddlan-loven (Statute of Rhuddlan) frå 1284, og vidare gjennom Laws in Wales Acts 1535 and 1542.

Sidan 1999 har Wales hatt auka sjølvstyre med Nasjonalforsamlinga i Wales (engelsk National Assembly for Wales, walisisk Cynulliad Cenedlaethol Cymru), som blei danna gjennom Government of Wales Act 1998. Forsamlinga fekk auka makt gjennom Government of Wales Act 2006, slik at det kan vedta eigne lovar for Wales. England har ikkje ei tilsvarande eiga forsamling, men blir styrt gjennom Det britiske parlamentet og regjeringa.

KjelderEndra