Det britiske parlamentet

Koordinatar: 51°29′2.3100″N 0°36′15.757″W Det britiske parlamentet er den høgaste lovgjevande styresmakta i Storbritannia og dei britiske oversjøiske territoria. Det har tre komponentar: Den britiske monarken, Overhuset (House of Lords) og Underhuset (House of Commons). Berre den siste komponenten er demokratisk valt, men denne har også det meste av den politiske makta i moderne tid. Over- og Underhuset held møte i kvart sitt kammer i Palace of Westminster i London.

Den britiske parlamentsbygningen, Westminister-palasset.

Det britiske parlamentet er eit av dei eldste representative lovforsamlingane i verda. Det har røter tilbake til angelsaksisk tid, og har gått gjennom ei rekkje ulike stadium fram til moderne tid. Det har inspirert parlamentsordningar i mange andre land, både dei i Det britiske samveldet og utanfor.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur