Enkrinittkalk
Enkrinittkalk er eit opptil 40 meter tjukt lag av kalkstein med yngste mellomordovicisk alder i strøket Langesund–Gjerpen. Han vert òg kalla steinvikskalk etter Steinvik sørvest for Langesund.
Enkrinittkalken inneheld rikeleg av sjøliljestilkar (enkrinittar) og kan vere ein ganske rein kalkstein med opptil 96 % kalsiumkarbonat. Han blir brote i stor utstrekking til industrielt bruk (mellom anna til fabrikasjon av sement) ved Dalen gruve, ved Bjørntveit og Kjørholt kalksteinsbrudd.
Kjelder
endre- Enkrinittkalk. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/enkrinittkalk.