Eoin Colfer

irsk skribent

Eoin Colfer (fødd 14. mai 1965) er ein irsk barnebokforfattar. Han er mest kjend for å ha skrive serien om Artemis Fowl.

Liv endre

Eoin Colfer voks opp i Wexford, ein liten by ved sørkysten av Irland, saman med sine fire brør. Faren hans var ein barneskulelærer, artist og historikar. Mora hans var dramalærar. På barneskulen oppdaga han at han likte å skrive historier. Han teikna teikningar til det han skreiv. Han laga og skodespel. Mest om vikingane, der han bruka venane sine i historiene, og var sjølv helten. Venane var ikkje imponert, for historiene var brutale, og det var berre helten som overlevde.

I 1986 vart han barneskulelærar, slik som sin far. Sjølv om han no var lærar, fortsette han med skrivinga si på fritid. I 1991 gifta han seg med Jackie, som han møtte i sitt femte år på universitetet.

Bøker endre

I 1998 gav Colfer ut si fyrste bok Benny og Omar som vart ein bestseljar i Irland, men det var fyrst då han skreiv Artemis Fowl han vart kjend på internasjonalt nivå. Boka vart umiddelbart ein internasjonal suksess. Boka vart nominert til Withbread-prisen for årets beste barnebok, og skal nå verte film. Sjølv beskriv Eoin Colfer Artemis Fowl-bøkene som "Die Hard i alveland".

  • Benny & Omar (1998) - ikkje omsett til norsk
  • Benny & Babe (1999) - ikkje omsett
  • Going Potty (1999) - ikkje omsett
  • Ed's Funny feet (2000) - ikkje omsett
  • Ed's bed (2001) - ikkje omsett
  • Artemis Fowl (2001)
  • Artemis Fowl - Operasjon Arktis (2002)
  • Artemis Fowl - Evighetskoden (2003)
  • Artemis Fowl - Arkivet (2004)
  • Artemis Fowl - Opalbedraget (2005)
  • Artemis Fowl - Den tapte kolonien(2007)
  • Ønskelisten (2000)
  • Historien om Potet-Isaksen (2004)
  • Kaptein Kråkes hevn (2006)
  • Parasittjegeren (2004, norsk 2006)