Eren Derdiyok (fødd 12. juni 1988 i Basel) er ein sveitsisk fotballspelar som har spela som spiss for Bayer Leverkusen i tysk Bundesliga, og for det sveitsiske landslaget. Foreldra hans er kurdarar frå Tyrkia.

Eren Derdiyok
Personleg informasjon
Fødd 12. juni 1988
Fødestad Basel
Høgd 191 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Bayer Leverkusen
Nummer 19
Ungdomsklubbar
1994-2004 Sveits BSC Old Boys
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-06
2006-09
2009-
Sveits BSC Old Boys
Sveits Basel
Tyskland Bayer Leverkusen
18 (12)
64 (20)
20 (12)
Landslag
2007-
2008-
Sveits Sveits U21
Sveits Sveits
6 (8)
18 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 28. januar 2010

Derdiyok var med på å vinna den sveitsiske ligaen med Basel i 2008, og spelte for Basel i Meisterligaen i 2008/09-sesongen, der han mellom anna skåra mot Barcelona på bortebane. 28. mai 2009 skreiv han under på ein fireårskontrakt med den tyske toppklubben Bayer Leverkusen.

Derdiyok debuterte for det sveitsiske A-landslaget 6. februar 2008 borte mot England, og skåra i den første kampen sin. Han var med i Sveits sin tropp til fotball-EM i 2008, der han var den yngste spelaren i turneringa, 19 år gammal.