Eric Albronda (fødd 18. november 1945) er ein USA-amerikansk musikar. Albronda var i ein kort periode den første trommeslagaren i Blue Cheer, før han vart erstatta av Paul Whaley.[1] Han var òg medprodusent (saman med Leigh Stephens) på Red Weather, det første soloalbumet til den tidlegare Blue Cheer-gitaristen Leigh Stephens, og dessutan soloalbumet med same namn frå eit av Stephens sine band etter Blue Cheer, Pilot.[1]

Eric Albronda
Fødd18. november 1945 (78 år)
OpphavUSA
Verka sommusikkprodusent, talent manager, komponist

Gruppa Pilot hadde Bruce Stephens som vokalist, som ofte blir forveksla med Leigh Stephens. Eric Albronda produserte albumet Pilot saman med Bruce Stephens i Trident Studios i London. Innspelingane vart gjorde i 1971 og gitt ut på RCA Records. Songen «Fillmore Shuffle» vart sidan spelt inn av Sammy Hagar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Profile of Eric Albronda; Vickibrennerent.com.