Eric Wrixon (29. juni 194713. juli 2015) var ein musikar frå Belfast i Nord-Irland, og eit opphavleg medlem av Them og Thin Lizzy. Han kom opp med bandnamnet «Them» (frå sci-fi-filmen Them![1]), men ettersom han var mindreårig nekta foreldra hans å signera ein platekontrakt på hans vegner, og han vart erstatta i juli 1964 før innspeling med bandet. I august 1965 hadde han fullført studia og vende kort tilbake til Them.[2]

Eric Wrixon
Fødd29. juni 1947(1947-06-29)
FødestadBelfast i Nord-Irland
Død15. juli 2015 (68 år)
DødsstadItalia
OpphavStorbritannia
SjangerRock
Instrument
  • Klaverinstrument
  • vokal
Verka somMusikar

Wrixon var deretter medlem av Belfast R&B-gruppa The People og spelte truleg på dei to låtane dei bidrog med på samlealbumet Ireland's Greatest Sounds: Five Top Groups From Belfast's Maritime Club frå februar 1966 (begge spora inneheld klaverinstrument). Medan dei heldt til i Blackpool, forlét Wrixon bandet i midten av 1966[3] for å bli med i eit anna Belfast-band, The Wheels, som han spelte inn singelen «Kicks» med i august 1966.

I 1967 flytta han til Tyskland med The Never Never Band og vart deretter med i den irske popgruppa The Trixons, som òg gav ut ei rekkje singlar på slutten av 1960-talet. Han slutta i 1969, då han og eksil-Belfast-kollegaen Eric Bell byrja å rekruttera eit nytt band frå musikkmiljøet i Dublin. Resultatet vart tidleg i 1970 Thin Lizzy, men Wrixon forlét bandet i juli same år på grunn av manglande økonomi og vende attende til Tyskland,[4] sjølv om han medverka på deira første singel «The Farmer» gitt ut same år.

Wrixon vart ei kort stund med i eit reformert Them i Hamburg og spelte inn albumet Shut Your Mouth i 1979, men forlét bandet før promoturneen. I 1993 danna han «Them - The Belfast Blues Band» - ofte omtalt av media og arrangørar som «Them» - for «progressive rhythm and blues»-konsertar over heile Europa (inkludert ein turné i 1996), med songar som «Crazy Woman» og «Marcel's Song». Wrixon budde seinare i Italia og turnerte med ei besetning beståande av han sjølv (vokal og klaverinstrument), Billy McCoy (gitar), Luca Nardi (bass) og Tom Wagener (trommer). Bandet spelte òg inn eit studioalbum og planla ein konsert-DVD.

Wrixon døydde 13. juli 2015 i Italia i ein alder av 68 år.[1][5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «R.I.P. Eric Wrixon». HotPress.com. 13. juli 2015. Henta 22. april 2023. 
  2. Them, Garagehangover.com; besøkt 22. april 2023.
  3. Profile Arkivert 28. september 2011 ved Wayback Machine., Irishshowbands.net; besøkt 22. april 2023.
  4. The Trixons profileirishrock.org; besøkt 22. april 2023.
  5. Profile, noise11.com; accessed 22. april 2023.