Erik Mykland

norsk fotballspelar

Erik Mykland (fødd 21. juli 1971) er ein norsk fotballspelar. Mykland spelar for IK Start.

Erik Mykland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1971 (52 år)
Risør kommune
Yrke fotballspelar
Språk norsk
Høgd 172 centimeter
Erik Mykland på Commons

Mykland, òg kjend under kallenamnet «Myggen», var ein hardtarbeidande og teknisk god midtbanespelar. Han byrja karrieren heime i Risør, var deretter ein kort periode innom juniorlaget åt Bryne, før han gjekk til Start i 1989 og fekk debuten sin i toppserien. Mykland fekk ei rekkje U-landskampar, og debuterte på A-landslaget i ein privatlandskamp mot Tunisia i november 1990. Til saman spela han 78 A-landskampar og skåra to landslagsmål. Han representerte Noreg i VM-sluttspela i 1994 og 1998, og i EM-sluttspelet i 2000. På landslaget vart han spesielt kjend for overblikket sitt og dei forløysande pasningane.

I tillegg til Start, har Mykland spela for ei rekkje klubbar i utlandet. Det fyrste utanlandsopphaldet hans var kring årsskiftet i 1995, då han vart leigd ut til den nederlandske klubben FC Utrecht. Dette opphaldet vart ingen suksess, og han returnerte til Start etter nokre månader. Hausten 1996 vart han seld til austerrikske FC Linz, der han hadde større suksess – og etter berre éin sesong i Austerrike vart han seld vidare til den greske storklubben Panathinaikos. Etter tre sesongar i Hellas, drog Mykland til tyske TSV 1860 München og deretter til danske FC København. I FC København vann Mykland sitt fyrste og einaste seriemesterskap i 2003.

Mykland vert rekna for å vera ein av Noregs beste fotballspelarar gjennom tidene, men han var òg ein nokså kontroversiell spelar. Han vart skulda for å vera eit dårleg føredøme av di han røykte og fleire gonger skapa avisoverskrifter i samband med nattklubbvitjingar. Utsegna hans om at han ikkje rekna seg sjølv som ein toppidrettsutøvar skapa òg ordskifte.

Mykland la i utgangspunktet opp som fylgje av ein kneskade sumaren 2004, men gjorde comeback for Idrettsklubben Start hausten 2008.

Karriere som spelar endre

Klubb Kampar* Mål* Periode
  Start 159 11 1989-1996
  Utrecht (lån) 9 0 1995
  FC Linz 28 0 1996-1997
  Panathinaikos 71 3 1997-2000
  1860 München 26 0 2000-2001
  FC København 51 1 2001-2004
  Start 9 0 2008-2009

* Berre seriekampar.