Erik Ottesen Rosenkrantz (fødd 1519 på Tørning i Danmark, død 18. november 1575 på Arreskov på Fyn) var ein dansk-norsk adelsmann og lensherre på Bergenhus frå 1560 til 1568.

Erik Rosenkrantz

Fødd1519
Tørning
Død18. november 1575
Arreskov
TittelLensherre på Bergenhus
Regjeringstid1560-1568
FøregangarChristoffer Valkendorf
EtterfylgjarMads Scheel
LandDanmark
MorMargret Jespersdottir Gans av Putlitz
FarOtte Holgersen Rosenkrantz
EktefelleHelvig Hardenberg
BarnJacob Rosenkrantz, Anne Eriksdatter Rosenkrantz, Sofie Eiriksdatter Rosenkrantz

Rosenkrantzfamilien var ein framståande dansk adelsfamilie. Erik Rosenkrantz vart i delar av oppveksten oppfostra av morfaren i Brandenburg i Tyskland. Som ung mann gjekk han i saksisk teneste. Gjennom farmora si nedstamma han frå den norske Losna-ætta frå Sogn, og arva det store tilhøyrande godskomplekset i 1547. 1547 til 1551 budde han på ein av sine norske eigedomar, og representerte den norske adelen ved kongehyllinga i 1548. 1551 til 1560 var han i Danmark og hadde fleire viktige stillingar der. I 1558 vart han gift med Helvig Hardenberg (1540-1599). I 1559, snart etter kroninga av kong Fredrik II, vart han medlem av det danske riksrådet, og utpeika til lensherre i Bergenhus hovudlen. Han kom til Bergen 21. juli 1560.

Bergenhus hovudlen omfatta på denne tida Vestlandet mellom Lindesnes og Romsdal, i tillegg til Nord-Noreg frå Helgeland og nordover. Som lensherre var Rosenkrantz øvste sivile og militære leiar i dette området. Tida hans som lensherre vart prega av den nordiske sjuårskrigen. I 1564 okkuperte ein svensk styrke Trøndelag. Rosenkrantz samla, på eige initiativ og med trugsmål om dødsstraff for dei som nekta, ein styrke på ca. 4000 mann av bønder frå Nordhordland og Sunnhordland. Med denne styrken segla han nordover i april 1564. 22. mai inntok han Steinvikholm festning der den svenske styrken hadde forskansa seg. I 1567 samla han ein ny styrke av bønder frå Vestlandet for å hjelpe til i forsvaret av Akershus festning, som var truga av svenskane. Mellom bøndene var motstanden mot å gjera krigsteneste stor, og i 1568 sendte kongen ein granskingskommisjon til Bergen for å høyra klagemål frå bøndene. Konklusjonen til kommisjonen er ikkje kjent, men snart etter søkte Rosenkrantz avskjed og fekk det innvilga. 31. august 1568 forlet han Bergen. Resten av livet budde han på Arreskov på Fyn. Han var stiftslensmann i Odense frå 1568 til 1572, og igjen i 1575.

I tillegg til dei militære tiltaka i samband med krigen mot Sverige førte Rosenkrantz vidare tiltaka som var sett i gang av forgjengaren, Christoffer Valkendorf, for å avgrensa hanseatane si makt i Bergen. Han var ansvarleg for utbetring av forsvarsverka på Bergenhus festning, der han fekk bygd Rosenkrantztårnet, eit viktig landemerke i byen i dag. Han bygde og eit bustadhus for seg sjølv i byen, som i dag er kjent som Muren.

Med kona, Helvig Hardenberg, fekk han fem born, fødde i Bergen:

  • Sofie (1560-1593)
  • Otto (1562-1562)
  • Ein son, namn ukjent, død som spedbarn
  • Anna (1565-1618)
  • Jacob (1567-1616)

Kjelder endre

  • Anne Brit Vihovde: Erik Rosenkrantz (Bryggens museum).