Erik S. Reinert
Erik Steenfeldt Reinert (fødd 15. februar 1949) er ein norsk entreprenør og heterodoks (annleistenkande) økonom.
Erik S. Reinert | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1949 (75 år) Oslo |
Yrke | samfunnsøkonom, universitetslærar, økonomisk historiker |
Reinert blei fødd i Oslo, og gjekk på universiteten St. Gallen i Sveits (der han studerte økonomi), Harvard universitet (MBA) og Cornell universitet (Ph.D). Under studia sine tilbrakte han mykje tid i Latin-Amerika der han jobba med landsbyutvikling i Andesfjella i Peru og i privat industri. I 1972 grunnla han eit lite industrifirma (målingsprøvar til måling og bilindustri) i Bergamo, Italia. Etter kvart la han fabrikkar til Noreg og Finland, og fram til Reinert selde frimaet i 1991 var det eit av dei største foretaka i Europa i sitt slag.
Reinert byrja så å jobba med STEP-gruppa i Oslo (1991-1995) og blei seinare direktør for "forskning for norsk inverstorforum", ein idébank oppretta av større norske selskap (1995-2000). Seinare hadde han ei deltidstilling for senteret for utvikling og miljø (SUM), ein forskningsinstitusjon etablert av UiO. I 2000 blei han leiar for The Other Canon Foundation, eit lite nettverkt for annleistenkjande økonomisk forskning. Sidan 2004 har han vore professor for teknologi og styresett og utviklingstategiar ved Universitetet i Tallinn, Estland. Sidan 2005 har han også fungert som seniorforskar for NORISS , eit nytt Oslobasert norsk institutt for strategiske studie.
Publikasjonar
endre- Redigert saman med KS Jomo: The Origins of Economic Development. How Schools of Economic Thought have Addressed Development. London/New Delhi, 2005.
- Global Økonomi. Hvordan de rike ble rike og hvorfor fattige blir fattigere . Oslo, 2004. Beograd, 2006.
- Globalization, Economic Development and Inequality: An Alternative Perspective. Cheltenham, 2004.