Erinyer (gresk Ἐρῑνύες, fleirtal av Ἐρῑνύς; 'dei mørke' eller 'dei sinte')[1][2][3] var kvinnelege ktoniske hemngudinner i gresk mytologi. Dei blei tidvis omtalte som «underjordiske gudinner» (χθόνιαι θεαί). Ein formelpregea eid i Iliaden påkalla dei som «dei som under jorda straffar den som har svore falskt».[4]

Klytaimnestra prøver å vekka dei sovande erinnyene. Frå ein gresk vase (kratér) frå 380–370 f.Kr.

Theogonien til Hesiod fortel at erimnyene oppstod frå bloddropane som fall på jorda (Gaia) då titanen Kronos kastrerte faren sin Uranos.[5] I andre myter oppstod dei frå Nyx (Natta), eller frå samkvem mellom lufta og jorda (Eter og Gaia).[6][7][8][9][10]

Kjelder endre

  1. Ἐρινύς i: Liddell, Henry George; Scott, Robert: A Greek–English Lexicon hos Perseus Project.
  2. Harper, Douglas: «Erinys» i: Online Etymology Dictionary.
  3. Av usikker etymologi; samband med verbet ὀρίνειν, orinein, «å løfte, røre, vekke, opphisse» og substantivet ἔρις, eris, «strid», «ufred» er blitt føreslått; R. S. P. Beekes har foreslått eit førgresk opphav, jf. Etymological Dictionary of Greek, Brill, 2009, s. 458–459.
  4. Homer: Iliaden, sang 3, 278ff; sang 19, 260ff
  5. Graves, Robert (1960): The Greek Myths.
  6. Aiskhylos: Eumenides 321
  7. Lykofron, 432
  8. Vergil: Æneiden, 6.250
  9. Ovid: Metamorfoser, 4.453
  10. Graves, Robert (1960): The Greek Myths, s. 33–34.