Ktoniske gudar
Ktoniske gudar er guddommar i gresk mytologi som tilhøyrer underjorda (frå gresk χθονιος, «som høyrer til jorda», «jordnære», eller meir nøyaktig «i eller under jorda», frå χθών, khthōn, «jorda», bokstaveleg «underjordisk».[1]
I gresk mytologi viser khthon til gudane i underverda eller andar i det indre av jorda, framfor dei knytte til overflata eller ytret til jorda (eit område som tilhøyrer Gaia) eller «land» (som tilhøyrer χώρα, khora). Det finst lite informasjon om ktonisk religion i dei litterære kjeldene frå antikken, bortsett frå dramatikaren Aiskhylos. Det er også få arkeologisk spor etter dei ktoniske gudane, etterosm dei vanlegvis ikkje blei dyrka i tempel. Dei stod likevel for ein viktig del av gammalgresk religion.[2]
Ktonisk kontra olympisk
endrePå norsk har «jordguder» eller «jordiske gudar» ei ulik tyding. Khthonie og khthonios hadde ei meir nøyaktig og teknisk tyding i Hellas i antikken, og spelte framfor alt på offerkulten kring guden. Mannlege guddommar fekk ofte tilnamnet Χθόνιος, Kthonios, til dømes kunne Hades bli omtalt som Zevs Kthonios, herskaren av underverda, og den tilsvarande hokjønnsforma var Χθονία, Kthonia, som med Persefone, ektemaken til Hades.[3] Tilsvarande var erinyene, «dei mørke» eller «dei sinte», kvinnelege ktoniske hemngudinner; dei blei tidvis refererte til som «helvetes» eller rettare, «underjordiske gudinner» (χθόνιαι θεαί).[4] Hesiod nytta det kollektive omgrepet kthonioi for titanane.[5]
I den ktoniske kulten blei offerdyret slaktet i ein bothros, «grop» eller megaron, «nedsenka kammer». I kulten kring dei olympiske gudane blei i staden dyret ofra på ein bomos, eit «alter». Dei ktonske gudane hadde dessutan ein forkjærleik for svarte offer framfor kvite, og gåvene blei ofte brende fullstendig før dei blei gravlagde framfor å bli tilrettelagde og delte ut blant tilbedarane.
Overlappande kult og funksjon
endreFruktbarheit var knytt til dei ktoniske gudane og gudinnene, men dei olympiske gudane var heller ikkje likegyldige med omsyn til jorda si fruktbarheit. Såvel Demeter som Persefone overvaka fruktbarheita, men kulten som omgav Demeter var olympisk medan den til Persefone var av ktonisk art. Forskjellen mellom gudane i fjellet og dei under jorda blir endå meir mørklagt då både Demeter og Persefone blei dyrka med ein identisk kult. Likevel blei Demeter framstilt som «olympisk» i mytar og dikt.
Det fremste symbolet på ktonisk religion var slangen, som og generelt står for eit dualistisk uttrykk av det gode og det vonde. Modergudinna hadde ofte slangar som tenarar, tidvis tvinna rundt den heilage staven hennar som på Kreta i oldtida, og slangane blei dyrka som vaktarar av mysteria hennar for fødslar og gjenfødingar.[6][7] Atene var lenkja til dei mørke, ktoniske kreftene, og kanskje den som kom nærast ein syntese av to motstridande tendensar i gresk religiøs tankeverd. Slangen var avbilda på hennar aigis, brystplate, og randa på skjoldet hennar hadde ein slange som krølla seg rundt på den statuen, Athene Parthenos, som Feidias designa for Parthenon, kultstaden i Aten. Erekhtheion på akropolis i Aten, der Atene Polias blei dyrka, var ein heilagdom delvis innvigd til ktonisk religion.[8]
Mellom kategoriane
endreDei to guddommelege sfærane var ikkje heilt vesensforskjellige eller skilde. Nokre olympiske gudar som Hermes og Zeus kunne bli gitt ktoniske offer og epiteta på enkelte stader og ifølgje kvar ein var kunne menneske bli opphøgde til gudar, slik tilfellet var med Herakles og Asklepios, og dei blei æra som anten gudar eller ktoniske heltar.
Nokre gudar lèt seg ikkje klassifisera etter desse omgrepa. Til Hekate ofra ein til dømes hundekvalpar ved vegkryss, det vil seia noko heilt anna enn ein olympisk kult, men samtidig ikkje den typen kult ein assosierte med Persefone eller heltane. På grunn av dei underjordiske oppgåvene sine blei likevel Hekate som regel klassifisert som ein ktonisk guddom.
Kjelder
endre- ↑ «Chthonios» i: Liddell, Henry George; Robert Scott, A Greek–English Lexicon, hos Perseus.
- ↑ Garland, Robert (1992): Introducing New Gods: The Politics of Athenian Religion, Cornell University Press, s. 29
- ↑ Herodotos 6, 134, 1; 7, 153, 2.
- ↑ «Erinys» i: Harper, Douglas: Online Etymology Dictionary.
- ↑ Hesiod: Theogonien, 697.
- ↑ «Principal Greek and Roman Gods»
- ↑ Roderick, Hilda; Davidson, Ellis (1988): Myths and Symbols in Pagan Europe: Early Scandinavian and Celtic Religions. U.K.: Manchester University Press.
- ↑ Garland, Robert (1992): Introducing New Gods: The Politics of Athenian Religion], s. 30
- Denne artikkelen bygger på «Ktoniske guder» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2024.
Litteratur
endre- Fairbanks, A. (1900): «The Chthonic Gods of Greek Religion» i: American Journal of Philology 21, s. 241–259
- Schlesier, R. (1991–1992): «Olympian versus Chthonian Religion» i: Scripta Classica Israelica 11, s. 38–51
- Scullion, S. (1994): «Olympian and Chthonian» i: Classical Antiquity 13, s. 75–119