Sannkjenningsteori
Sannkjenningsteori, erkjenningsteori eller epistemologi (frå gresk episteme, 'kunnskap', 'vitskap' og logos, 'fornuft') er ei grein innanfor filosofien som skildrar læra om kunnskap, eller meir nøyaktig opphavet til og avgrensinga av kunnskapen vår.
Epistemologien inneber også studium av sanningskunnskap i tydinga sikker kunnskap. Tradisjonelt er det berre matematikken som kan sjåast på som nøyaktig, men ifølgje moderne fenomenologi kan alle vitskapar framstillast logisk og nøyaktig.
Den mest kjende erkjenningsfilosofen er Descartes, som er sagt å vere den fyrste som framsette prov for eksistensen vår, med slutninga Je pense, donc je suis, «Eg tenkjer, altså er eg» (latin: «Cogito ergo sum»). Dette uttrykket kan utvidast til at alt vi sansar er prov på at vi eksisterer.
Kjelder
endre- «Filosofi – filosofiens disipliner» av Lars Fredrik Händler Svendsen på Store norske leksikon, innhenta 5. mars 2010.
- «Erkjennelsesteori» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 5. mars 2010.