Erling Aastad
Erling Rudolf Aastad (2. mars 1898–30. juni 1963) var ein norsk massør og friidrettsutøvar frå Oslo som særleg utmerkte seg lengdehopp, og til dels i sprintløp.
Erling Aastad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mars 1898 Oslo |
Død | 30. juni 1963 (65 år) Oslo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1928, Sommar-OL 1924, Sommar-OL 1920 |
Aktiv
endreAastad sanka i tida 1918-30 heile 10 NM-medaljar i lengdehopp og ein sølvmedalje på 100 meter, den siste kom i 1925. Han var noregsmeister i 1920 og alle åra frå 1925 til 1930. 4. september 1921 forbetra han noregsrekorden i lengdehopp til 7,22 meter, ein rekord som vart sletta året etter. På Frogner stadion i Oslo den 12. august 1925 tok han tilbake noregsrekorden med eit kjempehopp på 7,45 meter,[1] ein landsrekord som heldt seg i ni år. Under NM i friidrett 1925 i Trondheim, to veker etter rekordhoppet i Oslo, presterte Aastad livsbeste på 100 meter med tida 10,9 sekund og fekk sølv, dagen etter tok han gull med eit lengdehopp på 7,42 m, ein fattig centimeter framom Charles Hoff.
Plasseringar i olympisk sommarleikar
endre- Sommar-OL 1920: Nr 5 i lengdehopp – 6,88 meter
- Sommar-OL 1924: Nr 13 i lengdehopp – 6,72 m
- Sommar-OL 1928: Nr 14 i lengdehopp – 7,17 m
Kjelder
endreNotar
endreBakgrunnsstoff
endre- «Erling Aastad» (på engelsk). Olympedia. Henta 4. mars 2023.