Charles Teilman Hoff (9. mai 190220. februar 1985) var ein norsk friidrettsutøvar frå Fredrikstad som konkurrerte i stavhopp, lengdehopp, tresteghopp, samt korte løpsdistansar. Hoff var «en friidrettsbegavelse utover det vanlige... [m]ed sin hurtighet, styrke og smidighet hadde han rent spesielle forutsetninger for stavhopp, og hans stil i denn gren ble revolusjonerende».[1] Han var medlem av Torshaug IF. Far hans var i 1910 dreiarformann ved mekanisk verkstad.

Charles Hoff


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mai 1902
Fredrikstad
Død

19. februar 1985 (82 år)
Oslo

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1924

Utmerkingar

Kongepokal, Kongepokal

Hoff sette ny verdsrekord i stavhopp med 4,12 meter under ein triangellandskamp mellom Danmark, Noreg og Sverige den 22. juli 1922 i København. Året etter forbetra han verdsrekorden til 4,21 m, og i 1925 til fyrst 4,23 m og seinare, under eit stemne i finske Åbo, til 4,25 meter. Hoff var i 1923 norsk rekordholdar også på 400 meter med 49,2 sekundar, 800 meter med 1,55,9 og i lengdehopp med 7,32 m.

Under ein turne i USA i 1923 braut han amatørvedtektene, og vart sidan erklært som profesjonell. I 1928 svinga han seg over 4,28 m i Trondheim, og den 27. september 1931 hoppa han 4,32 m i Hønefoss, men korkje hoppa vart ikkje godkjende som verdsrekordar av International Association of Athletics Federations (IAAF).

Hoff arbeidde som journalist i bladet Idrætsliv og så som redaktør i Sportsmanden fram til 1935. Frå hausten 1940 var han ekspedisjonssjef i det nazistiske idrettsdepartementet. Ved landssvikoppgjeret i 1947 vart han dømd til ni års straffearbeid.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1921: Sølvmedalje i stavhopp – 3,28 m
  • 1922: Gullmedaljar i stavhopp – 4,02 m, og tresteghopp – 14,38 m, samt sølvmedalje i lengdehopp – 6,98 m
  • 1923: Gullmedaljar på 200 m – 23,0, i stavhopp – 4 ,01 m, og i tresteghopp – 14,29 m, sølvmedalje i lengdehopp – 7,03 m
  • 1924: Gullmedaljar på 200 m – 22,5, og i stavhopp – 3,36 m
  • 1925: Gull i stavhopp – 4,10 m, sølv i lengdehopp – 7,41 m, bronse på 100 m – 10,9
  • 1933: Gullmedalje i stavhopp – 3,80 m

Kjelder endre

  1. *Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971 s. 275

Bakgrunnsstoff endre