Erling Bangsund

norsk fagforeiningsmann og politikar

Erling Bergithon Bangsund (10. februar 189015. august 1977) var ein norsk fagforeiningsmann og politikar for Tromsø Arbeidarparti.

Erling Bangsund
Fødd10. februar 1890
Død15. august 1977 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkefagforeningsleder, politikar

Bangsund var opphavleg bryggemann og vart seinare mellom anna styreformann i Tromsø Ferjer.[1]

I meir enn 20 år var han formann i Tromsø Arbeiderforening, og han sat òg i Tromsø bystyre i ei årrekkje.[2] Bangsund var varaordførar i Tromsø i 1928, 1933 og 1934.[3][4][5] Frå 1955 og utover 60-talet jobba Tromsø Arbeiderforening på hans initiativ med å laga friluftsområdet Hella ved Rystraumen, og flytte truga bygningar frå Tromsø by ut dit for å ta vare på dei.[6]

I 1952 fekk han Kongens fortenestemedalje og i 1967 Kongens fortenestemedalje i gull.[7] Erling Bangsunds plass i Tromsø sentrum er oppkalla etter han.

Kjelder endre

  1. Johansen, Åsgeir (12. august 2020), «To utrettelige forkjempere for arbeidsfolkets rettigheter», itromso.no (på norsk bokmål), henta 13. november 2021 
  2. «Hos Bangsund». Tromsø: Avisa Tromsø. 11.02.1970. s. 4. 
  3. Ytreberg, Nils A. (1971). Tromsø bys historie. Tromsø: Peder Norbye. s. 375. 
  4. «Avisa Tromsø». Tromsø. 30.12.1932. s. 3. 
  5. «Avisa Tromsø». Tromsø. 19.12.1933. s. 7. 
  6. «Hella, en kulturhistorisk perle», digitaltmuseum.no, henta 13. november 2021 
  7. «Søk på «Erling Bangsund»», www.kongehuset.no (på norsk), henta 13. november 2021 

Bakgrunnsstoff endre