Erlitoukulturen
Erlitoukulturen (forenkla kinesisk 二里头文化, tradisjonell kinesisk 二里頭文化, pinyin Èrlǐtóu wénhuà) er ei arkeologisk nemning på ein tidleg bronsealderkultur som heldt til rundt Huangelva i Kina frå rundt 1900 til 1500 f.Kr.[1][2]) Ei radiokarbondatering utført i 2007 har ført til eit foreslege smalare tidsspenn, frå 1750 til 1530 f.Kr.[3]
Namn og utbreiing
endreNamnet kjem frå det arkeologiske feltet i storkommunen Erlitou i byfylket Yanshi i Henan-provinsen. Kulturen strekte seg godt utover i det som i dag er provinsane Henan og Shanxi, og gjorde seg seinare òg gjeldande i Shaanxi og Hubei. Det er mogleg at Erlitoukulturen utvikla seg frå Longshankulturen. Dei fleste kinesiske arkeologar reknar med at Erlitou er hovudsetet for Xia-dynastiet, men dei fleste vestlege arkeologar er ikkje overtydde om at det er ein slik samanheng mellom Erlitoukulturen og Xia-dynastiet, ettersom det ikkje finst direkte lenkjer mellom dei, som skriftlege kjelder.[4][5][6]
Kjenneteikn og leivningar
endreFortidsleivningane i Erlitou blei oppdaga av Xu Xusheng i 1959, og denne funnstaden er blitt verande det største utgravingsområdet som kan knytast til Erlitoukulturen. Funna er spreidde ut over eit område på 3 km². Det er funne palassbygningar og verkstader for tilverking av bronse. Erlitou monopoliserte produksjonen av bronsekar for rituell bruk, og dei eldste kjende ding-kara er frå denne kulturen.[7]
Etter at Shang-dynastiet voks fram gjekk det kraftig tilbake med Erlitou, men staden blei verande folkesett òg i den første fasen av Shang-tida.
Sjå òg
endreGalleri
endre-
Bronse med turkisarbeid frå Erlitoukulturen
-
Jue (vinkanne) av bronse frå Erlitoukulturen.
-
Ding (kar) på tre føter
-
Bronseding
-
Bronsebjølle
-
Dekorert uue (våpen)
-
Symbol på keramikkskår funne ved Erlitou.
Kjelder
endre- ↑ Allan 2007, s. 475.
- ↑ Liu & Xu 2007, s. 886.
- ↑ Zhang et al. 2014, s. 206.
- ↑ Allan 2007, s. 489–490.
- ↑ Liu 2004, s. 238.
- ↑ Liu & Xu 2007, s. 897–899.
- ↑ Liu 2004, s. 231.
- Denne artikkelen bygger på «Erlitoukulturen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2021.
Litteratur
endre- Liu, Li. The Chinese Neolithic: Trajectories to Early States, ISBN 0-521-81184-8
- The Golden Age of Chinese Archaeology
- Allan, Sarah (2007). «Erlitou and the Formation of Chinese Civilization: Toward a New Paradigm». The Journal of Asian Studies (Cambridge University Press) 66 (2): 461–496. doi:10.1017/S002191180700054X.
- Lee, Yun Kuen (2002). «Building the chronology of early Chinese history». Asian Perspectives: the Journal of Archaeology for Asia and the Pacific 41 (1): 15–42. doi:10.1353/asi.2002.0006.
- Li, Jinhui (10. november 2003). «Stunning Capital of Xia Dynasty Unearthed». China Through a Lens. Arkivert 21. mars 2015 på Wayback Machine.
- Liu, Li (2004). The Chinese neolithic: trajectories to early states. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-81184-2.
- Liu, Li; Xu, Hong (2007). «Rethinking Erlitou: legend, history and Chinese archaeology». Antiquity 81 (314): 886–901.