Erm eller erme (norrønt ermr, av arm) er den delen av eit klesplagg som omgjev heile eller delar av armen.[1][2] Ein kan ha erme på genserar, skjorter, kjolar, jakker og mange andre plagg som dekker overkroppen. Dei fleste erme er festa til slike plagg, men det finst også lauserme som kan festast nede på armen. Lengda, vidda og fasongen til erme, og måten dei eventuelt blir festa til ermeholet på, varierer mykje med moten.

Erme er dei sylinderforma delane av eit plagg som dekker armane. Biletet viser ein mann i ei trøye eller langerma T-skjorte med raglanerme. Dei dekker heile skulderpartiet og er sydd til fram- og bakstykket på plagget utan ermehol.

Konstruksjon endre

Erme kan vera lange eller korte, vida og luftige eller ettersitjande og tronge. Dei kan såvidt dekkja skuldrene, stoppa ulike stader på armen, eller i nokre høve gå langt forbi handleddet. Dei kan stå glatt eller ha innsnitt, rynkar eller kilar og legg. I staden for påsydde erme kan ein laga dei ved å klippa til for- og bakstykket i ein enkel fasong med liv og erme i eitt og så sy tøystykka saman som for- og bakstykke. Raglanerme dekker heile skulderpartiet og blir sydd til for- og bakstykket på plagget utan ermehol.

Erme kan avsluttast nedst med til dømes vanleg fald, oppslag (tilbakebretta ende),[3] linning (folda, forsterka kant omkring opninga) eller mansjettar (brei, glatt linning eller krage kring handleddet),[4] eventuelt med splitt[5] og knappar.

strikkeplagg blir erma sydd eller strikka til bolen (delen rundt overkroppen).[6][7]

Ermetypar endre

 
Ein amerikansk tvidelt second-day dress, kjolen som tradisjonelt blei boren dagen etter eit bryllaup, frå ca. 1895, Han har «skinkeerme», det vil seia pufferme med ekstra stor vidde opp mot skuldra.
Foto: Missouri Historical Society, St. Louis
 
Opprulla eller oppbretta skjorteerme er vanleg når nokon skal arbeida fysisk og ikkje vil slita på eller skitna til plagget, eller når nokon vil lufta seg og verka avslappa.[1][8][9] Plakaten We can do it!, produsert av Westinghouse Electric og War Production Co-ordinating Committee ca. 1942, viser Rosie the Riveter, ein propgandafigur for kvinnearbeidarane i den amerikanske industrien under andre verdskrigen.
 
Houppelande, fransk-burgundisk overklassekjortel i gotikken, der hengeerme og slep har kant dekorert med tunger eller flikar.
Bokillustrasjon: Nederlandsk kunstner ca. 1415
Ermetype og skildring Bilde
3/4-langt erme dekkjer tre fjerdedelar av armen, og endar på midten av underarmen.    
Ballongerme er vide erme som blir samla ved olbogen.[10]    
Engageanterme er undererme med rekkjer av påsydde blonder    
Flaggermuserme er klippa i eitt saman med resten av plagget og heng vidt i ei slags vengeform    
Furisode er ein type kimono med ekstra vide erme som berre er feste til resten av drakta ved armhola. Namnet tyder 'svingande erme'.    
Hengeerme heng ope vidt ned frå olbogen    
Kappeerme er korte erme som dekker skuldera som ei kappe, men har lite eller inkje stoff under armen.    
Kimonoerme blir klipt til i eitt med den øvre delen av plagget[11][12] som på tradisjonelle kinesiske klede. Kimonoar har som regel erme laga av eigne tøystykke, ikkje kimonoerme.  
Kort erme stoppar eit stykke oppe på overarmen.    
Langt erme går heilt ned til handleddet.    
Olbogeerme er lange nok til å nå olbogen, men rekk ikkje over han.  
Overtrekkserme er eit laust erme som kan trekkjast over eit anna for å verna plagget mot slitasje og søl  
Pagodeerme er traktforma, og var populært på 1860-talet med volangar (kappeforma pynt) over eit falsk undererme eller engageanterme.    
Poseerme vidar seg ut til ein pose og smalnar inn att ved enden, vanlegvis handleddet. Ein kan også kalla slike erme biskoperme.    
Pufferme har utposingar med rynkar over og under    
Raglanerme er eit langt eller kort erme som skrår innover i rette linjer opp mot halskanten på plagget og blir sydd fast utan ermehol. Ermesnittet blir ofte brukt på fritids- eller sportsplagg[13]    
Skinkeerme er ekstremt vidt rundt overarmen og smalt frå olbogen til handleddet. Det blir kalla «lammelår» på fransk (gigot) og engelsk (leg-of-mutton sleeve)    
Sommarfuglerme er nokså korte erme som vidar seg mykje ut mot enden. I filippinsk drakttradisjon finst ei utgåve der ein stivar dei oppover i spissar.    
Trompeterme skrånar ut i større vidde nedst  
Vasserme er eit sterkt forlenga erme brukt i kinesisk dans (hovudsakleg kinesisk opera) og koreansk kultur. Det kan vera eit lauserme som ein festar rundt handleddet og som går ut over handa.    

Kjelder endre