Trøye (frå norrønt treyja) er klede til å ha på overkroppen som finst i mange utformingar. Dei kan brukast som undertøy, mellomlag eller sitja ytst, som dag- eller nattklede.

Trøye for kvinne frå Kvinnherad i Hordaland. Frå Norsk Folkemuseum sine samlingar.
Fotballtrøyer for Middlesbrough F.C..
Mann i undertrøye.

Det finst ermelause, kort- og langerma trøyer. Dei når gjerne til livet men kan også vera lengre. Dei kan ha krage eller vera kragelause. Ofte blir type eller bruk spesifisert i namnet til trøya, som undertrøye, ulltrøye, fotballtrøye og så bortetter.

Typar

endre
  • Blåtrøye, slitesterk blå ullegenser
  • Helsetrøye, ein type undertrøye av bomull med grove maskar som dannar eit varmeisolerande luftlag inntil kroppen.
  • Islandstrøye, islandsgenser eller islender er en tjukk strikkegenser. Shetlandstrøye er ein tilsvarande genser laga av ull av shetlandssauar.
  • Korktrøye eller korkvest, ein gammaldags symjevest fôra med kork for dei som skulle læra å symja
  • Rundtrøye eller stuttrøye, ei kort trøye eller jakke utan flak eller frakkeskjøtar.
  • Tvangstrøye, ein jakke med lange, lukka erme som kan bindast saman. Tvangstrøyer er blitt brukt på fanger og psykiatriske pasientar.
  • Undertrøye eller underskjorte er undertøy av ull, bomull eller silke som ein ber inntil kroppen.
  • Vampe, ei kort eller lang manns- eller kvinnetrøye av varierande form.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre