Ermehaldar
Ein ermehaldar (også kalla armstrikk) er eit smalt band av tøy, gjerne elastisk som bukseselar eller hoseband, som blir brukt på skjorteerme for å halda mansjetten på plass. Ermehaldarar blir festa rundt armen over olbogen på ermet. Dei gjer at brukaren kan regulera lengda på ermet, og såleis halda mansjetten trekt attende, for å unngå at han blir skiten når ein arbeider.
Ermehaldarar blei vanlege i USA på slutten av 1800-talet. I dag blir dei helst brukt som del av ein stil, til dømes av visse musikarar, casinoarbeidarar og rodeodeltakarar. Sistnemnde kan fest ei lita dekorert plate, kjend som ein concho, med westernmotiv til ermehaldaren.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ermeholder» frå Wikipedia på bokmål, og «Sleeve garter» frå Wikipedia på engelsk den 17. november 2020.
- ↑ sleeve garters as rodeo costume Arkivert 2011-07-07 ved Archive.is