Barbershop
Barbershop er ein vokal musikksjanger som stammar frå USA på 1800-talet. Han er kjenneteikna av a cappella-song med tett harmoni og parallell stemmeføring.[1] Barbershop-musikk blir gjerne framført av ein mannskvartett, men kan òg syngast av firestemt kor.
Dei fire mannsstemmane i barbershop blir kalla tenor, lead, baryton og bass, der tenor er lysast og bass djupast. Melodien ligg som hovudregel i den nest lysaste stemmen lead (òg kalla andretenor i tradisjonelle kor).
På verdsbasis er herresida av barbershopkvartettar og kor organiserte i Barbershop Harmony Society. I Norden heiter organisasjonen SNOBS. Barbershop kan òg syngast av kvinner. Verdsorganisasjonen heiter Sweet Adelines og den nordiske Nordic Light. Sjangeren stammar opphavleg frå musisering på offentlege stadar i Europa på 1600-talet (derav namnet barbershop), men blei særleg utbreidd i USA frå 1800-talet, særleg i perioden før første verdskrigen. I Norden har barbershop flest utøvarar i Sverige.
Kjelder
endre- ↑ Barbershop i musikkordboken.no
- Denne artikkelen bygger på «Barbershop» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2021.
Litteratur
endre- Lystrup, Geirr; Hildre, Per Oddvar (1980). Barbershop på norsk : til Oslo for å gjere seg feit. Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-1852-6.
- Averill, Gage (2003). Four Parts, No Waiting: A Social History of American Barbershop Harmony (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 0-19-511672-0.
Bakgrunnsstoff
endre- Barbershop i musikkordboken.no
- Nettstaden til Barbershop Harmony Society (engelsk)