Ernst Berge Drange
Ernst Berge Drange (fødd 2. mai 1954) er ein norsk lokalhistorikar og bygdebokskrivar, og i mange år tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet (fram til 2021). Han er fødd i Bergen, men har frå 1983 budd på strandstaden (tettstaden) Sand i Suldal.
Ernst Berge Drange | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mai 1954 (70 år) |
Yrke | historikar |
Drange har arbeidd med lokalhistorie og bygdebokskriving i ein mannsalder. Bygdebøkene han har skrive er fire band Gards- og ættesoge for Tysnes i Sunnhordaland, tre band Gardar og folk for Sand, to band Gardar og folk i Erfjord, og tre band Gardar og folk i Jelsa og det første av fleire bind Gardar og folk i gamle Suldal kommune. Dessutan har Drange skrive to forfattar-biografiar (Rasmus Løland og Johannes Heggland).
Drange si magistergradsavhandling i etnologi (1982) var eit pionerarbeid i husmannsforskinga, eit arbeid som påviste ein omfattande plass-skipnad i Tysnes allereie tidleg på 1600-talet. Sidan kunne han sjå det same biletet i kjeldearbeid frå Ryfylke. Drange har òg jobba med den norske utvandringa til kolonien Ny Nederland (New York State i dag) på tidleg 1600-talet, og noko om den nyare utvandringa frå 1825.
Bibliografi
endreEi samling publikasjonar av Drange:
- Uggdal indremisjon (før Opdals missionsforening) 100 år - 1882-1982, 1982.
- Sjølvberging eller marknadsproduksjon på Tysnes på 16- og 17-hundretalet. Artikkel i Sunnhordland Årbok 1982.
- Husmannsskipnaden på Tysnes 1600-1800: ei undersøking av form og føresetnader.Magistergradsavhandling i etnologi. Forlaget Folkekultur (Bergen) 1983.
- Tysnes: Gards- og ættesoge, bind I, 1986.
- Tysnes: Gards- og ættesoge, bind II, 1987.
- Tysnes: Gards- og ættesoge, bind III, 1989.
- Tysnes: Gards- og ættesoge, bind IV, 1991.
- Bedriftsarkivet og industristad-kulturen. Historisk arkiv ved Sauda Smelteverk A/S og A/S Saudefaldene. Artikkel i Årsskrift Sauda Sogelag 1991.
- Lokalhistorisk arkiv i Tysnes – ditt eige arkiv? Artikkel i Tysnes kulturminnelag Årsskrift 1991.
- Samvirkerørsla i Ryfylke. Føresetnader og framvokster. Artikkel i FOLK i Ryfylke 1992.
- Setegard og klostergods. Artikkel i Kulturhistorisk vegbok, Hordaland. 1993.
- Med Suldal i hjarta: Johan Veka: eit hundre årsskrift, av Gunnvor Bakka, Ernst Berge Drange og Ingvar Olimstad (red.), 1996. Artikkelbidrag ”Johan Veka – diktaren, læraren og kulturformidlaren frå Suldal”.
- Johan Veka – diktaren, læraren og kulturformidlaren frå Suldal. Artikkel i «Med Suldal i hjarta: Johan Veka: eit hundre årsskrift», av Gunnvor Bakka, Ernst Berge Drange og Ingvar Olimstad (red.), 1996.
- Sand: Gardar og folk, bind I, 1997.
- Sand: Gardar og folk, bind II, 1998.
- 98-generasjonen frå Sand i Ryfylke. Artikkel i FOLK i Ryfylke 1998.
- Mænd som ved hvad solidaritet er: Sauda Fabrikkarbeiderforening 75-års beretning, 1999.
- Fartøy og frakt på Sandsfjorden. Artikkel i FOLK i Ryfylke 1999.
- Sand: Gardar og folk, bind III, 2000.
- Hans far ”oprøddede dette pladz fra en Steenhaab til en Gaard som den nu ere”. Om plass-skipnaden og annan ikkje skyldsett utmarks-busetnad i Tysnes i Sunnhordland og Sand i Ryfylke på 1600-talet. Artikkelbidrag i "Arbeid, armslag, armod: husmenn og husmannsordningar på Sørvestlandet", redigert av Nils Olav Østrem, 2000.
- Folkemusikarar i Ryfylke på 1600-talet. Artikkel i FOLK i Ryfylke 2002.
- Det eldste Ryfylke. Ei historie om skiftande grenser. Artikkel i FOLK i Ryfylke 2003.
- Rasmus Løland og dagbøkene hans. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2003.
- Erfjord: Gardar og folk, bind I, 2004.
- Erfjord: Gardar og folk, bind II, 2004.
- Kolbenstvedt – ei framståande slekt frå Suldal. Artikkel i Folk i Ryfylke 2004.
- Utvandring, sjøfart og langpendling frå Tysnes til ”De nord-amerikanske fristater”. Ein av fleire artiklar i Sogeskrift for Tysnes 2005, med tema ”Til Amerika”.
- Rasmus Løland: barnebokpioneren frå Ryfylke, biografi, 2007.
- ”Hvem er Rasmus Løland?”. Artikkel i Syn og Segn 2007
- Rasmus Løland (1861-1907). Artikkel i Gamalt frå Suldal 2007
- Svensenfamilien – laksefiskarar både i Columbia River og i Suldalslågen. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2007.
- Jelsa: Gardar og folk, bind I, 2010.
- Jelsa – eit lærdomssete i fjordane. Artikkel i Ætt og Heim (Rogaland historie- og ættesogelag) 2011.
- Nordmenn i Ny-Nederland (New York) på 1620-30-talet - og ein indianartolk frå Ryfylke?. Artikkel i Heimen, 2012.
- Sauda Lokalarkiv, Artikkel i Folk i Ryfylke 2012.
- Norwegians in New-Netherland in the 1620s and 1630s. Artikkel i de Halve Maen, Journal of the Holland Society, New York City, 2013.
- Jelsa: Gardar og folk, bind II, 2013.
- Jelsa: Gardar og folk, bind III, 2014.
- Ryfylke-eliten og garden Håland. Artikkel i Folk i Ryfylke 2014.
- Valskår-tromma. Artikkel i Folk i Ryfylke 2015 (Om tamburtradisjonar i Sørvest-Noreg).
- Restauration, det første norske utvandringsfartøyet: Stavanger – New York City, St. Croix. Artikkel i Folk i Ryfylke 2016.
- Kva skjedde med Restauration, det første norske utvandringsfartøyet? I Mellom sky og havsens grunne. Nylesninger i Alfred Hauges forfatterskap. Novus Forlag, Oslo 2016.
- Den tredje eksponeringa. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2016, Ernst Berge Drange og Ove Lagarhus Svendsen (Om ei biletserie frå strandstaden Sand 1866/67).
- Kulturmøte i fjordane og verdsbyen – ryfylkingar og nederlendarar. Artikkel i Folk i Ryfylke 2018.
- «Du e for liten te å vera min dommar». Artikkel i Lokalhistorisk Årbok for Rogaland 2018 (om den legendariske Eli Aas i Sandsfjorden (1732-1815)).
- Hertug Tjelmeland og grev Løland. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2020.
- Norwegians in America during the Dutch Colonial Period – A Forgotten Story. Artikkel i Norwegian-American Essays 2020.
- Johannes Heggland. Dokumentarist og forteljar. Nærblikk på eit forfattarliv (1919-2008), John Grieg Forlag 2021 Suldal.
- Gardar og folk bind I, Suldal kommune 2021.
- «Sauda Lokalarkiv. Viktig samarbeid mellom lokale krefter og museer». Artikkel i Lokalhistorisk magasin nr. 2/2022
- «Streiken i 1962». Artikkel i Sauda sogelag årsskrift 2022
- Gamle Fatland-slekter og ein emigrant frå Sølvkannestrondå. Artikkel i Gamalt frå Suldal 2023
Bakgrunnsstoff
endre- Ryfylkemuseet
- Samlaget
- Forfattarnet Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine.