Ernst Rojahn

norsk sjakkspelar

Ernst Andreas Rojahn (13. august 190924. juli 1977) var ein norsk sjakkspelar frå Tønsberg, noregsmeister i sjakk i 1945 og 1958.[1]

Ernst Rojahn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1909
Tønsberg
Død 24. juli 1977 (67 år)
Tønsberg
Idrett sjakk
Tok del i Sjakk-OL 1958, Sjakk-OL 1956, Sjakk-OL 1952, Sjakk-OL 1939

Rojahn representerte Noreg ved fire sjakk-OL mellom 1939 og 1958.[2]

Dei best kjende partia til Rojahn er ein remis mot den tidlegare verdsmeistaren Capablanca i sjakk-OL i Buenos Aires 1939[3] og eit flott parti med dobbelt tårnoffer som gav han siger i eit parti mot Aleksandros Aggos frå Hellas under sjakk-OL i München i 1958.[4][5]

Kjelder

endre
  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

endre
  1. Brekke 2014 s. 293 og 295
  2. Ernst Rojahn. Men's Chess Olympiads, olimpbase.org
  3. Thomas Robertsen: Chess in Norway, chessbase.com
  4. Sjakkfantomets skatt og Rojahns dobbelte tårnoffer Arkivert 2018-09-18 ved Wayback Machine., 24.03.2017
  5. Helge Jansson: Ernst Rojahns doble tårnoffer, Fredriksstads Schakselskap

Bakgrunnsstoff

endre