Noregsmeisterskapen i sjakk
Noregsmeisterskapen i sjakk blir halde i juli kvart år av Norges Sjakkforbund i samarbeid med ein lokal arrangør.
Dette er den klart største sjakkturneringa i Noreg, og har dei siste åra samla mellom 500 og 600 sjakkspelarar. Turneringa har dei siste åra gått over 8 dagar, frå laurdag til laurdag, med 9 rundar. Meisterskapa for 2008 og 2009 blei spela over 9 dagar, frå laurdag til neste sundag.
Noregsmeisterskapen i sjakk blir spela i sju ulike klassar etter spelestyrke. Desse klassane er elite, meister og klasse 1, 2, 3, 4 og 5. Det blir dessutan spela i åtte aldersklassar: Senior A og B (over 60 år), junior A og B (under 20 år), kadett A og B (under 16 år), lilleputt (under 13 år) og miniputt (under 11 år). Turneringa er open for alle medlemmer av Norges Sjakkforbund, og dei yngste klassane er opne for medlemmer i Ungdommens Sjakkforbund.
I øvste klasse, eliteklassen, blir det kjempa om tittelen noregsmeister i sjakk. Dei siste åra har Noregsmeisteren i sjakk fått ein kongepokal i premie. Dei som har vunne denne klassen flest gonger er Simen Agdestein, med ni gongar, Berge Østenstad, med åtte gongar, og Olaf Barda, med seks gongar.
Tidlegare vinnarar
endreUnder står år, namn, og sjakk-klubben som vinnaren er medlem av. Meisterskap avgjorde etter omkamp har merknad om dette.
- 1918 Josef Lilja, CS (Christiania Schakselskab)
- 1919 Jac. A. Brekke, CS
- 1920 Jac. A. Brekke, CS
- 1921 H. G. Hansen, CS (etter omkamp)
- 1922 A. M. Erichsen, CS
- 1923 Jac. A. Brekke, CS
- 1924 Leif F. D. Lund, CS
- 1925 Jac. A. Brekke, SK Centrum, Oslo
- 1926 H. C. Christoffersen, Drammens SK (etter omkamp)
- 1927 H. G. Hansen, OSS (Oslo Schakselskap)
- 1929 H. C. Christoffersen, Drammens SK
- 1930 Olaf M. Olsen (seinare Olaf Barda), SK Odin, Oslo (etter omkamp)
- 1931 Andreas Gulbrandsen, Moss SK
- 1932 Eugen Johnsen, SK Odin
- 1933 Trygve Halvorsen, OSS (etter omkamp)
- 1934 Trygve Halvorsen, OSS
- 1935 Jørgen Saurén, OSS
- 1936 H. C. Christoffersen, Drammens SK
- 1937 Arne S.B. Krogdahl, OSS
- 1938 Oluf Kavlie-Jørgensen, Bergens SK
- 1945 Ernst Rojahn, Tønsberg SK (etter omkamp)
- 1946 Erling Myhre, OSS (etter omkamp)
- 1947 Olaf Barda, OSS
- 1948 Olaf Barda, OSS (etter omkamp)
- 1949 Aage Vestøl, OSS
- 1950 Erling Myhre, OSS
- 1951 Harry Kongshavn, OSS
- 1952 Olaf Barda, OSS
- 1953 Olaf Barda, OSS
- 1954 Einar Haave, Stavanger SK
- 1955 Erling Myhre, OSS
- 1956 Otto B. Morcken, OSS
- 1957 Olaf Barda, OSS
- 1958 Ernst Rojahn, Tønsberg SK
- 1959 Svein Johannessen, OSS
- 1960 Daan de Lange, Hamar SS
- 1961 Per Ofstad, Bergens SK
- 1962 Svein Johannessen, OSS
- 1963 Ragnar Hoen, OSS
- 1964 Arne Zwaig, OSS
- 1965 Arne V. Gulbrandsen, OSS (seinare Arne Vinje)
- 1966 Paul Svedenborg, Narvik SK
- 1967 Paul Svedenborg, Narvik SK
- 1968 Arne V. Gulbrandsen, OSS (seinare Arne Vinje)
- 1969 Arne Zwaig, Torshov SK
- 1970 Svein Johannessen, Torshov SK
- 1971 Terje Wibe, OSS (etter omkamp)
- 1972 Erling Kristiansen, OSS
- 1973 Svein Johannessen, SK Fischer
- 1974 Leif Øgaard, OSS
- 1975 Leif Øgaard, OSS
- 1976 Knut J. Helmers, SK Stjernen
- 1977 Knut J. Helmers, SK Stjernen
- 1978 Ragnar Hoen, OSS
- 1979 Leif Øgaard, OSS
- 1980 Sverre Heim, Akademisk SK
- 1981 Ragnar Hoen, OSS
- 1982 Simen Agdestein, Asker SK (etter omkamp)
- 1983 Bjørn Tiller, OSS
- 1984 Berge Østenstad, Asker SK
- 1985 Leif Øgaard, Brugata SK
- 1986 Simen Agdestein, OSS
- 1987 Jonathan Tisdall, Brugata SK (etter omkamp)
- 1988 Simen Agdestein, OSS
- 1989 Simen Agdestein, OSS
- 1990 Berge Østenstad, Asker SK
- 1991 Jonathan Tisdall, Brugata SK
- 1992 Einar Gausel, OSS
- 1993 Leif Øgaard, OSS
- 1994 Berge Østenstad, Asker SK
- 1995 Jonathan Tisdall, Nordstrand SK
- 1996 Einar Gausel, OSS
- 1997 Berge Østenstad, Asker SK
- 1998 Roy H. Fyllingen, Bergens SK
- 1999 Berge Østenstad, Asker SK (etter omkamp)
- 2000 Simen Agdestein, NTG (etter omkamp)
- 2001 Einar Gausel, OSS
- 2002 Simen Agdestein, NTG
- 2003 Berge Østenstad, Asker SK
- 2004 Berge Østenstad, Asker SK (etter omkamp)
- 2005 Simen Agdestein, NTG (etter omkamp)
- 2006 Magnus Carlsen, NTG (etter omkamp)
- 2007 Espen Lie, Porsgrunn (etter omkamp)
- 2008 Frode Elsness, Moss (etter omkamp)
- 2009 Kjetil A. Lie, Porsgrunn
- 2010 Kjetil A. Lie, Porsgrunn (etter omkamp)
- 2011 Berge Østenstad, Asker SK (etter omkamp)
- 2012 Frode Urkedal, SK 1911 (etter omkamp)
- 2013 Jon Ludvig Hammer, OSS
- 2014 Frode Urkedal, SK 1911
- 2015 Aryan Tari, Vålerenga SK
- 2016 Johan Salomon, Nordstrand SK
- 2017 Jon Ludvig Hammer, OSS
- 2018 Jon Ludvig Hammer, OSS
- 2019 Aryan Tari, Vålerenga
- 2020 NM avlyst
- 2021 Kristian Stuvik Holm, Vålerenga
- 2022 Simen Agdestein, OSS
- 2023 Simen Agdestein, OSS
- 2024 Aksel Bu Kvaløy, Stavanger SK
Andre noregsmeisterskap i sjakk
endreI tillegg arrangerer Norges Sjakkforbund og Ungdommens Sjakkforbund kvart år fleire andre sjakkturneringar, der det blir kåra noregsmeistrar i snøggsjakk og lynsjakk, for klubblag, skulelag og juniorlag. Det blir også arrangert NM for jenter og NM for ungdom, med fleire aldersklassar.