Ernst Wroldsen

norsk politikar

Ernst Willy Wroldsen (fødd 4. desember 1944) er ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Langesund i Telemark, stortingsrepresentant 1981-93 frå Vestfold for Arbeidarpartiet.

Ernst Wroldsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. desember 1944
Langesund
Død

16. august 2023 (78 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Wroldsen var son til ein støyperiarbeidar. Etter å ha vore billettør og elev på Ringerike Folkehøgskole, var han ekspeditør i åra 1962-65. Frå 1965 til 1981 hadde han ulike stillingar i firma Vest-Viken.

I tida 1972 til -83 var Wroldsen medlem i Tønsberg bystyre for Arbeiderpartiet, dei siste åtte åra med plass i formannskapet. Hausten 1981 vart han vald til stortingsrepresentant frå Vestfold, og attvald ved dei neste to stortingsvala. Valperioden 1981-85 var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, deretter 1985-89 medlem i Sosialkomiteen. I den siste perioden, 1989-93, var han medlem i Energi- og industrikomiteen, som nestleiar frå 21. november 1990. Wroldsen var landsstyremedlem 1989-91 i Det norske Arbeidarparti.

Etter 1993 var Wroldsen informasjonssjef i Vestfold Kraft til 2000, sidan i det omdanna selskapet Skagerak Energi AS til 2003.

Kjelder endre