Erotiske folkeeventyr

Erotiske folkeeventyr er ei samling erotiske eventyr samla inn i Noreg på 1800-talet, og gjevne ut for første gong på Universitetsforlaget i 1977 med Oddbjørg Høgseth som redaktør.[1]

Eventyrsamlaren Jørgen Moe.

Samlinga består av munnlege forteljingar med erotisk innhald som var blitt skrivne ned av blant anna Peter Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Moltke Moe, Rasmus Løland og Knut Nauthella på 1800-talet. Dei aller fleste av desse hadde ikkje vore gjevne ut før.

Form og innhald endre

Som med andre folkeeventyr er dette munnlege forteljingar som er blitt skrivne ned. Til skilnad frå folkeeventyra som blei gjevnet ut under nasjonalromantikken, er eventyra her gjevne ut som dei blei nedteiknna. Språket ligg derfor nærare talemålet i dåtida, og i forma har eventyra færre gjentakinga og andre tilpassingar som blei gjort i eventyrutgjevingane på 1800-talet.[1]

 
Eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen.

Innan eventyrklassifisering vil dei fleste av eventyra kunna kallast skjemteeventyr, altså underhaldsningseventyr som gjerne harselerer med folk sin dumskap eller lyter. Hovudpersonene i forteljingane er gjerne vellystige menn eller kvinner, ektepar som ikkje held seg til vedtatte normer og reglar, og prestar med ein annan seksualmoral enn det som er venta av ein prest. Språk og innhald er direkte og seksuelt, med titlar som «Kukken og skosålen», «Jenten som skulle akte mødommen sin» og «Det romfitta slaget».

Samanheng med andre folkeeventyr endre

 
Norske Folkeeventyr

Nokre av desse forteljingane blei gjevne ut på tysk i 1888, men utover det blei dei verande upubliserte fram til Erotiske folkeeventyr kom ut i 1977. Tolv av forteljingane, som blei samla inn av Asbjørnsen og Moe, kom ut i det tyske tidsskriftet Kryptadia i 1883.

Nokre av dei erotiske eventyra blei samla inn av Asbjørnsen og Moe samtidig som dei samla inn eventyra som kom ut som Norske Folkeeventyr i 1840-åra, men desse grovare forteljingane passa ikkje inn i den nasjonalromantiske førsstillinga om den norske folkesjela. I manus finn ein kommentarer frå Asbjørnsen og Moe om dei erotiske folkeeventyra som «svinsk, ubrugeligt og obscønt».[2]

Det erotiske har også opphavleg hatt ein større plass i mange folkeeventyr enn i dei versjonene som ende opp med å bli trykka.[3] Til dømes kan ein i Asbjørnsen sine notat til eventyret «Prinsessen som ingen kunne målbinde» sjå at der prinsessa svarer «Det er varmere i glohaugen» som svar på at «Det var da godt og varmt her» i den første utgjvinga, seier ho i den opphavleg nedteikninga «Det er varmere i Ræva mi».[1]

Mottaking endre

Då samlinga kom ut i 1977 blei ho ein salssuksess, med 40 000 eksemplar selde på kort tid. I etterkant er ho blitt gjeven ut i nye opplag med jamne mellomrom, siste gong i 1996.[4]

Utgjevinga frå 1977 har ei rekkje burleske illustrasjonar av Finn Graff, Morten M. Kristiansen, Hans Normann Dahl og Rune Johan Andersson.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Høgset, Oddbjørg (1977). Erotiske folkeeventyr. Universitetsforlaget. 
  2. Kvitebjørn kong Valemon : norsk folke-eventyr blir film : studieveiledning. Statens filmsentral, Skolefilmutvalget. 1991. 
  3. Naper, Cecilie (1992). Jakten på kvalitet : om populærlitteratur og populær litteratur. Pax. 
  4. Egeland, Marianne (1996). Med kunnskap skal landet bygges: Universitetsforlaget 1950-1990. Universitetsforlaget. s. 107. 

Bakgrunnsstoff endre