Forfattaren og folkeminnesamleren Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885)
Biskopen og eventyrsamlaren Jørgen Moe (1813–1882)

Namneparet Asbjørnsen og Moe er vorte som eit anna ord for norske folkeeventyr. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe var to eventyrsamlarar. Dei leitte opp, skreiv ned, tolka og gav ut eventyr tidleg på attenhundretalet. Resultatet vart ei stor samling av eventyr. Mykje i desse eventyra liknar på andre indoeuropeiske forteljingar, men noko i dei er særskilt for Noreg.

Dei to trefte kvarandre på Norderhov (gamle) prestegard i 1826. Dei var båe vortne sende dit på eit artiumsførebuande kurs som prosten Støren heldt. Asbjørnsen og Moe oppdaga at dei båe to var interesserte i folkediktinga i landet. I 1830-åra byrja dei å reisa rundt og samla inn stoff. Det meste høyrde dei i innlandsbygdene på Austlandet, men særleg Moe drog òg lenger. Dei klarte å vitja store delar av Sør-Noreg, frå fjorddalar til høgfjellsbygder.

Dei to kunne reisa saman, men for å dekkja eit så stort område som råd skilde dei oftare lag. Dei hadde òg ulike interessefelt; Asbjørnsen likte best soger og folketru, medan Moe satsa på folkeviser. Men eventyra brann dei for, båe to. Asbjørnsen likte kortare skjemteeventyr betre, medan Moe såg etter undereventyr og kristne legender.

Asbjørnsen og Moe var ein del av den norske nasjonalreisinga. Dei leitte etter ein særnorsk kulturskatt, og var særleg interesserte i gamle dialektord og anna som gjorde eventyra dei fann, typisk norske. I utgjevingane deira var likevel eventyra skrivne på dansk, men med mange norske ord som mykje danna folk på den tida såg på som vulgære. Norsk rettskriving på denne tida låg tett opp til dansk. Språket var dermed lite egna til ei eventyrsamling som både var særnorsk i tradisjon, og som hadde kjeldene sine i lokaldialektar som var endå meir ulike og særprega enn i dag. Asbjørnsen og Moe løyste problemet ved å bruka prinsippet til Grimm-brørne: Ein enkel språkstil i staden for dialektane, men dei heldt på den opphavlege forma til forteljingane.

Samlinga Norske folkeeventyr vart gjeven ut i åra frå 1841 til 1844 og vart seinare omsett til fleire språk. Ho vart då, og er framleis, sett på som eit viktig tilskot til komparativ mytologi i Europa.

Etter utgjevinga av Norske folkeeventyr skilde dei to lag. Jørgen Moe blei prest og sidan biskop, medan Asbjørnsen fortsette innsamlinga.

Eventyra til Asbjørnsen og Moe kom først ut i små hefte. Det første var på 96 sider. Deretter blei dei gjevne ut i ei samling i 1845 og ei anna samling i 1848. I 1870 blei samlinga som er kjend i dag gjeven ut for første gong.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra