Escape from Monkey Island

Escape from Monkey Island er eit eventyrspel utvikla og utgjeve av LucasArts i 2000. Det er det fjerde spelet i Monkey Island-serien og det første med 3D-grafikk.

Escape from Monkey Island
Monkey Island Logo.svg
Utviklar(ar)LucasArts
Utgjevar(ar)LucasArts
Design(ar)Sean Clark
Michael Stemmle
Programmerar(ar)Michelle Hinners
Forfattar(ar)Sean Clark
Michael Stemmle
Kunstnar(ar)Chris Miles
Komponist(ar)Clint Bajakian
Michael Land
Peter McConnell
Anna Karney
Michael Lande
SerieMonkey Island
Plattform(er)Microsoft Windows
Mac OS
PlayStation 2
UtgjevingMicrosoft Windows
NA: 8. november 2000
EU: 17. november 2000
Mac OS
NA: 17. april 2001
PlayStation 2
NA: 18. juni 2001
EU: 29. juni 2001
SjangerEventyr
SpelemodusEinspelar

Spelet handlar om piraten Guybrush Threepwood, som kjem heim att med kona Elaine Marley etter bryllaupsreisa si, og finn ut at Elaine feilaktig er erklært daud og at stillinga hennar som guvernør er på val. Guybrush må finne ein måte å attopprette guvernørstillinga til kona, medan han avdekker eit plott for å gjere Karibia om til ei turistfelle, leia av erkefienden LeChuck og ein australsk konspiratør, Ozzie Mandrill. Escape from Monkey Island var det andre spelet som brukte spelemotoren GrimE, som var oppgradert sidan sitt første bruk i Grim Fandango.

Escape from Monkey Island fekk positiv mottaking og var ein moderat kommersiell suksess. Det var det siste eventyrspelet frå LucasArts som var utgjeve, ettersom dei seinare prosjekta Full Throttle: Hell on Wheels' og Sam & Max: Freelance Police vart kansellerte i høvesvis 2003 og 2004. Ein oppfølgjar, Tales of Monkey Island, vart utgjeven av Telltale Games i 2009.

BakgrunnsstoffEndra