Eventyrspel

dataspelsjangar

Eventyrspel er ein generell sjanger innan dataspel som er sterkt prega av historieforteljing. I slike spel har spelaren rolle som hovudperson i ei interaktiv forteljing prega av utforsking og problemløysing.[1] Fokuset på forteljing gjer at slike spel ofte byggjer på andre narrative sjangrar, som litteratur og film. Eventyrspel kan vera tekst- eller grafikk-baserte, eller ei blanding av desse. Ofte er dei laga for ein einskild spelar, ettersom fokuset på forteljing og figur gjer det vanskeleg å utforma eit fleirspelarspel.[2] Det tekstbaserte Colossal Cave Adventure frå 1976 er ofte rekna som det første eventyrspelet, medan nokre andre kjende slike spel er Zork, King's Quest, The Secret of Monkey Island og Myst.

Kjelder endre

Fotnotar
Bibliografi
  • Hitchens, Joe (2002). «Special Issues in Multi player Game Design». I François-Dominic Laramée. Game Design Perspectives. Charles River Media. ISBN 1584500905. 
  • Rollings, Andrew; Adams, Ernest (2003). Andrew Rollings and Ernest Adams on Game Design. New Riders. ISBN 1-59273-001-9. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eventyrspel
  Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.