Esja er eit 914 meter høgd fjell sørvest på Island, som oftast vert kalla Esjan. Fjellet ligg om lag 10 km nord for Reykjavík. Esja er ikkje eit enkelt fjell, men ei vulkansk fjellkjede danna av basalt og tuffstein.

Fjellkjeda Esja

Danning endre

Esja vart bygd opp på slutten av kvartærtida på byrjinga av istida. I løpet av dei varme periodane strøymde lava ut og i dei kalde periodane danna ryggar av tuffstein seg under isbreen. Den vestlege delen av fjellkjeda er eldst (om lag 3,2 millionar år) og den austlege delen den yngste (om lag 1,8 millionar år). Rørsla til jordskorpeplatene som går diagonalt gjennom Island pressar sedimentlaga vestover og bort frå den aktive vulkansonen. Intrusjon, t.d. store magmakanalar frå dei gamle sentrale vulkanane ved Kjalarnes og Stardal vart ein del av sedimentlaga. Som eit resultat vart det danna store lavafelt, eit over det andre, som isbreen under istida slipte ned. Berre dei høge toppane på fjellkjeder som Esja eller Akrafjall vart verande att.

Fysiske trekk endre

Den austlegaste toppen av fjellkjeda, kalla Móskarðshnúkar, har ein uvanleg lys farge. Ein islandsk forfattar på 1800-talet skal ha håpa på å få sjå sola der etter ein lang regnvêrsperiode, men då han kom nærmare såg han det berre var fjelltoppen med fargen sin. I røynda er det rhyolittstein, som ein ofte finn i den islandske naturen nær gamle (men òg aktive) vulkanar.

Esja er òg eit førenamn på Island.

64°15′N 21°38′W / 64.250°N 21.633°W / 64.250; -21.633

Sjå òg endre

Kjelde endre