Essenarane var ei jødisk religiøs sekt som hadde størst påverknad i perioden frå 150 f.kr. til om lag 70 e.kr. Opphavleg kjende ein berre til sekta frå antikke kjelder som Filon frå Alexandria, Josefus og Plinius den eldre, men oppdaginga av Dødehavsrullane (1947) kasta større ljos over sekta. I dag meiner fleirtalet av forskarar at ein av dei viktigaste busetnadene for essenarane var i Qumran, nordvest for DødehavetVestbreidda, og at Dødehavsrullane er biblioteket deira. Gjennom desse har ein skaffa seg eit godt innblikk i gruppa sitt indre liv og lære.

Ruinar etter bustadhus i Qumran
Krigsrullen. Rullen skildrar ein apokalpytisk kamp mellom «sønene av ljoset» og «sønene av mørkret»

Ein trur at essenarane drog seg attende frå Jerusalem etter utnemninga av Jonatan Makkabearen til ypparsteprest i 152 f.kr, som dei tykte var urettmessig. Dei drog ut til isolasjonen i audemarka der dei danna eit eige, utopisk og alternativt samfunn.[1] Her levde dei fram til romarane øydelagde samfunnet i år 68 e.kr. Samfunnet deira var organisert etter strenge reglar, og opererte med eit tydeleg skilje mellom prestar og lekfolk. Dagleglivet var styrt av fleire lover og forskrifter. Det var til dømes viktig for dei å halde sabbaten, og dei stod opp tidleg om morgonen for å be til solrenninga.

Vidare var dei opptekne av rituell reinleik, delte pengar og eigedom mellom seg, og levde i sølibat. Dei feira også rituelle måltid og gudstenester, men med ein tydeleg front mot tempelet i Jerusalem, kvar dei ikkje kunne delta i kulten så lenge dei rekna tempelet som vanhelga. Etter ei prøvetid gav medlemane ein lovnad om at dei ikkje fekk røpe sekta si løynde lære til utanforståande, som mellom anna inneheldt esoteriske element knytt til steinar og røter sine eigenskapar, og dei løynde namna på englane. Essenarane var ei eskatologisk sekt, som trudde at endetida var nær. Nokre av essenarane var pasifistar, jamvel om andre att var selotar. Dei var dessutan motstandarar av slaveri, sidan dette stridde mot synet deira på alle menneske som like overfor Gud.

Tidlegare rekna ein essenarane for å vere ei mindre viktig og perifer sekt, men innan forskinga har ein i nyare tid vore oppteken av moglegheita for at dei representerer ei hovudretning innan jødedomen på line med farisearane og saddukearane. Den britiske teologen Henry Chadwick har peika på at essenarane på nokre vis minna om den tidlege kristne kyrkja: dei levde i samnøyte med kvarandre, livsførselen deira var prega av eit fattigdomsideal og dei delte eit heilagt måltid saman, som ikkje var ope for folk frå utsida, nett som den kristne nattverden. Ein av Dødehavsrullane, den såkalla Krigsrullen, skildrar også ein endeleg kamp i endetida mellom dei ljose og dei mørke kreftene i universet. Chadwick påpeikar samstundes at desse likskapane er nokså fåtallige, og at dei kristne skil seg frå essenarane på fleire område, mellom anna ved eit mindre fokus på rituell praksis og ei meir positiv haldning til tempelet i Jerusalem.

Kjelder endre

«esseer» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar endre

  1. Rasmussen, T.; Thomassen, E. (2002). Kristendommen. En historisk innføring (2 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. s. 36. ISBN 978-82-15-00292-7. 
  Denne religionsartikkelen som har med jødedom å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.